Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) avviser åtvaringane frå biolog og naturfotograf Jan Rabben og frå Norsk ornitologisk foreining. Planlegginga av dei 45 vindmøllene som skal reisast på Midtfjellet i Fitjar kan gå vidare, klarerer NVE overfor Olje- og energidirektoratet.

Rabben har i sommar observert og fotografert den sjeldne storlomen flygande i retning vindmølleområdet og hekkande i nærleiken. Likevel viser NVE framleis til konsekvensutgreiinga som konkluderer med at «virkningsomfanget for lommene vurderes som intet (0)».

Fitjarfjellet er ifølgje Rabben eitt av få tilhaldsområde for storlom i Hordaland. Kanskje finst det berre ti-tolv par att av fuglen, som er på den internasjonale lista over truga artar.

Biolog mot biolog

Det er konsulentselskapet Ambio Miljørådgivning i Stavanger som har kommentert storlom-fugl i konsekvensutgreiinga for vindparken.

— NVE byggjer oppsiktsvekkjande nok på ein kommentar som Ambio har kome med på oppdrag frå Midtfjellet Vindkraft AS. Dei finn det med andre ord heilt på sin plass at utbyggjaren har bede konsulentfirmaet om å kvalitetskontrollera seg sjølv, seier Jan Rabben.

Ambio sine biologar baserer konklusjonane sine på feltobservasjon og samtale med folk i nærmiljøet. Jan Rabben skriv til Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet at knapt ein biolog med ornitologisk kompetanse - altså med fuglekunnskap - vil støtta Ambio.

Ambio viser til at det ikkje er dokumentert at storlom har fóke inn i planområdet, eller at vatn i det same området er nytta av storlom på jakt etter mat.

- Mangfald

I motstanden mot vindmølleparken viser Jan Rabben til heile det biologiske mangfaldet i Fitjarfjellet. Her er hekkande storlom, kongeørn, dvergfolk, tårnfalk, orrfugl og heilo, reinrose, dvergbjørk, greplyng og fjellsmelle.

NVE overlet dei endelege vurderingane til Olje- og energidepartementet under tilvising til at Rabben sine innvendingar ikkje bringar nye moment inn i saka.

STORLOM: Dette sjeldne paret fotograferte Jan Rabben i Fitjarfjellet i juni i år.