– Dei er jo heilt ville, konstaterer Frode Falkenberg, nestleiar i Hordaland Ornitologiske Forening.

Han står midt i ein svært flokk av pågåande, nebbete ender, duer og måker. Vi er ved Tveitevannet i Bergen, der fuglekolonien held til ved elva og det opne vatnet i eine enden.

Desperate ender

Falkenberg er overtydd om at mange fuglevener har slutta å komme med mat på grunn av alt oppstyret rundt det frykta fugleinfluensaviruset H5N1.

– Det er jo ingen som kjem for å mate fuglane lenger. Ender og måker er nærast desperate og spring etter meg når eg matar, eg har aldri sett maken, seier han.

Som for å vise at det ikkje stemmer heilt, kjem akkurat da ei eldre dame med brødposen klar. Ho ønskjer ikkje å komme i avisa, men fortel at ho ikkje har tenkt på influensa eller smittefare.

Falkenberg meiner at det likevel må vere langt færre som gjev mat, og at dette kan vere svært uheldig for fuglane.

– Vi har ein ganske ekstrem kuldeperiode, og mange fuglar er vant til å få mat. Dersom dette stoppar, vil mange ikkje tole det. I så fall betyr det at mange av dei vil døy, seier han.

Falkenberg sit sjølv i ekspertpanelet som Mattilsynet i Hordaland har oppretta i samband med faren for at H5N1-viruset skal komme til Norge. Dagleg får Mattilsynet melding om funn av døde fuglar, og mange meiner det berre er eit spørsmål om tid før vi har sjukdommen i Norge.

Fjerna frå menyen

– Vi skal ikkje bagatellisere dette, men det er i alle fall ikkje farleg å mate fugl i parkane. Kast brødbitar ut som vanleg, men unngå å late dei ete rett frå handa di, seier han.

– Det er forståeleg om folk er urolege, men med normal omtanke og hygiene risikerer ein ingenting ved å mate parkfuglar.

Likevel er det mange fuglar som døyr på denne tida av året, og Falkenberg oppmodar alle om å melde frå til Mattilsynet ved funn av død fugl.

Han kastar dei sise brødbitane ut til fugleflokken, der kvekking og måkeskrik har roa seg ein del sidan starten på mateseansen.

Frykta for fugleviruset gjev seg mange utslag, og det er ikkje berre fuglevener i parkane som reagerer – ja, sei irrasjonelt.

I går melde Dagbladet at dei eksklusive restaurantane Le Canard og Bagatelle i Oslo har fjerna all fugl frå menyen på grunn av ståket rundt fugleviruset.

Virus over Frogner?

Norges største innan fjørkre, Prior, påstår hardnakka at dei slett ikkje har hatt mindre omsetnad den siste tida.

– Vi har tvert imot problem med å skaffe nok av ein del varer, seier marknadsdirektør Arild Husefjeld i Prior.

– Men i Oslo har luksusrestaurantar fjerna all fugl frå menyen?

Eit høgt latterskrall rungar i andre enden av telefonlina.

– Det må i så fall vere ei lokal sky av fuglevirus som har lagt seg over Frogner, seier han etter å ha kome til hektene att.

Husefjeld viser til at viruset uansett ikkje smittar gjennom mat.

Dette, og tallause andre spørsmål rundt H5N1-viruset finn du svar på eksempelvis på nettsidene til Veterinærinstituttet – www.vetinst.no.

Uansett er det ingen grunn til at fuglane i Bergen sentrum skal svelte på grunn av virusfrykt. Det stadfestar også avdelingsdirektør Preben Aavitsland i Nasjonalt Folkehelseinstitutt:

– Folk må berre halde fram med å mate endene i parken. Men meld frå på telefon 06040 ved funn av døde fuglar, oppmodar Aavitsland.

IKKJE SMITTEFARE: Folk kan trygt mate fuglane i byen. Og det bør dei gjere, meiner Frode Falkenberg.
Tor Høvik