Leverandørane av pyntegrønt til kundar blant anna i Bergen er fortvila. På få dagar har trosten ete opp dei saftige raude bæra på kristtornen, melder avisa Sunnhordland.

Stord produksjonslag for juletre, pyntegrønt og kristtorn hadde rekna med å selja 10.000 – 15.000 bukettar med kristtorn før jul. Men har no måtta gje melding til forhandlarane om at det ikkje kjem noko.

Bukettprodusentane på den verna bedrifta Podlen Verkstad spør no om å få tilgang til folk sine private hagar på jakt etter kristtorntre som måtte ha bær att.

– Det er god smak på bæra i år, derfor har fuglane ete dei opp, seier kristtornveteran Arne Knutsen. Gamle råd som dieseldynka filler og hønsehaukskrik på band har vist seg nyttelause som fugleskremsel når bæra freistar så sterkt som i år. Den varme sommaren har gjort bæra ekstra søte, er Arne Knutsens teori.

– Det er jo surt det som har skjedd. Men me skal jo ikkje leva av dette, me gjer det berre på gøy, seier ein normalt fast kristtornleverandør, Arve Fosse på Fjelberg.

FREISTANDE: trosten eter opp dei saftige raude bæra på kristtornen.
eirik brekke