Det vil seia at grunntaksten på buss vert halden på 23 kroner også inn i 2004 — både i Hordaland fylke og Bergen kommune.

Frå 1. januar 2004 overtek Bergen kommune det økonomiske ansvaret for kollektivtrafikken i Bergen, medan buss- og båttrafikken i resten av fylket framleis ligg under fylkeskommunen.

I prinsippet kan dermed busstakstane innanfor Bergen kommune og i resten av fylket gå ulike vegar.

Takstane ned?

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen hadde opphaveleg føreslege 2,5 prosent auke i takstane. Men meirverdiavgifta på personreiser gjev grunnlag for sparing, og gjer det mogleg for fylket å gå inn for takstfrys. Fylkesutvalet seier jamvel at prisane på kollektivreiser kan verta sett ned dersom innsparinga på grunn av meirverdiavgifta vert større enn ein har rekna med.

Byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland, tek opp hansken frå fylkeskommunen og lovar takstfrys også på bussane i Bergen frå nyttår.

— Meirverdiavgifta gjev mykje dårlegare utteljing i Bergen enn i resten av fylket. Derfor gjev ikkje den grunnlag for å halda takstane uendra. Men vi har god von om oppmuntringspengar frå Samferdselsdepartementet, og dersom vi får så mykje som det har vore snakk om, så vil vi frysa takstane, seier Mæland til Bergens Tidende.

30 millionar

Statssekretær Alfred Bjørlo i Samferdsledepartementet har tidlegare sagt til BT at Bergen ligg an til å få 30 millionar kroner av ein pott på 100 millionar til kollektivtrafikk i dei fem største byområda i landet. Men desse pengane kjem først utpå vinteren, ettersom søknadsfristen for denne potten er 20. januar.

— Vi skal i møte måndag i Samferdselsdepartementet for å diskutera aktuelle saker i samband med overføring av kollektivansvaret til Bergen kommune. Då vil vi ta opp dette. Likevel vil vi frysa takstane frå nyttår i påvente av at vi får pengane frå Samferdselsdepartementet. Vi er sjølvsagt opptekne av at fleire enn i dag vert motiverte til å reisa med buss, seier Monica Mæland.