I byrjinga av juli vart det kjend at Haugesunds Avis har bestemt seg for å leggje ned lokalkontora sine i Stord, Odda og Sauda, grunna innsparingar. Få dagar seinare fekk avisa eit brev i posten av Stord-ordføraren.

— For Stord og Sunnhordland, men også for Haugalandet, vil det vere eit uerstatteleg tap dersom Haugesunds Avis vel å leggje ned kontoret sitt på Stord, skriv Stord-ordførar Liv Kari Eskeland og Haugesund-ordførar Petter Steen jr. i eit felles brev til styreleiaren i avisa.

Fungerande sjefredaktør i Haugesunds Avis, Christian Andersen, seier han ikkje har lest brevet, men seier at avgjersla i utgangspunktet er endeleg.

— Fram til no har det vore ei avgjersle me har stått for, og ei endeleg avgjersle på bakgrunn av den økonomiske situasjonen. Me diskuterer alle deler av drifta vår fortløpande, og det blir interessant å sjå kva som står i brevet. Men me vil framleis følgje nyheitsbiletet i Sunnhordland tett, seier Andersen.

- Trasig

Det er ikkje meir enn eitt år sidan Bergens Tidende la ned kontoret sitt på Stord. I dag har avisa éin journalist som jobbar heimefrå på Stord, men han vil ikkje bli erstatta då han går av med pensjon i løpet av året. Stord-ordføraren er uroa over at regionavisene trekkjer seg ut av i Sunnhordland.

— Eg synest det er veldig trist og trasig for heile regionen at lokalkontora til dei større avisene legg ned. Sjølv om det vert sagt at ein ønskjer å ta vare på distrikta frå sentrale kontor så merkjer me at fokuset blir mindre. Ein får med seg dei store sakene, men fokuset som går på den generelle drifta forsvinn, seier Eskeland.

— Dette handlar om at me i Sunnhordland ikkje blir så mykje i medvitet til bergensarar og haugalendingar som me ønskjer å vere. Samtidig er dette ei demokratisk utfordring, ved at færre media fører til ein meir einsidig vinkling på sakene, seier ho.

Eskeland presiserer at ho har stor forståing for at avisene må kutte i dagens vanskelege mediesituasjon, men ho meiner kutt i lokalkontora kan føre til endå færre abonnentar for avisene.

— Eg skjønar veldig godt behovet for kostnadskutt. Men samtidig handlar det om korleis ein vel å kutte. Det er klart at når BT og Haugesunds Avis legg ned lokalkontora på Stord så vil dei miste ein del abonnentar frå regionen. Då er det avisene som blir produsert på Austlandet som vinn.

NRK-dekning

Utanom lokalavisa Sunnhordland vil NRK bli den einaste medieverksemda med lokalisering på Stord. NRK Hordaland har i dag lokalkontor i Odda og Stord, med éin journalist på kvart kontor. Ordføraren meiner likevel at dekninga til NRK kunne vore betre.

— Dei ser regionen, men det er nok slik at dei ikkje er her så mykje som me skulle ønska.

Ei uhøgtideleg undersøking BT har gjort i nettarkivet til NRK Hordaland, viser at sunnhordlandskommunane vert dekt merkbart mindre enn andre stader i fylket. Justert for innbyggjartal er det til dømes fem gonger så mange treff på Voss og Odda på NRK.no som på Bømlo og Kvinnherad.

— Eg har høyrt denne kritikken før. Og me tek det på alvor, og prøvar heile tida å få til ei god dekning i kommunane i Sunnhordland. Ved hjelp av reisereportarar og radiosendingar har me intensjon om å dekke Sunnhordland like godt som andre regionar i fylket, seier regiondirektør Unni Arnøy i NRK Hordaland.

- Men korleis kan det ha seg at forskjellane er så store?

— Eg vil ikkje kommentere desse tala, men eg veit at me generelt dekkjer Voss og Hardanger godt. Det er nok kommunar der me er litt overrepresenterte.

Mindre kritisk

Leiaren i Norsk Journalistlag, Thomas Spence, rosar ordføraren for å engasjere seg i nedlegginga av lokalkontora.

— Dette er triste nyheiter, og eit utslag frå mediekrisa der det blir færre lokalkontor og mindre dekning i utlandet. Det er både synd og farleg, fordi det fører til dårlegare dekning og mindre nærvær.

- Kva betyr det at dei større avisene legg ned lokalkontor?

— Det betyr mindre dekning og mindre konkurranse. Pressen skal overvake og rapportere, og når den trekkjer seg tilbake så er det færre som kikkar i korta til dei som forvaltar pengane. Det er veldig bra at både ordførar og lokalbefolkninga engasjerer seg i å bevare mediemønstera me har i dag.

Diskuter saka under: