Etter pålegg frå styresmaktene, vart det i fjor kjøpt inn 480 Regatta Thermo Cruise redningsvestar til Statsraad Lehmkuhl. Redningsvestane som vart fjerna frå seglskipet, var berre to år gamle. Då desse vestane vart kjøpte inn i 1998 oppfylte dei alle krava til styresmaktene. Men etter Sleipner-ulukka, kom altså nye krav.

— Vi vart bra fortvila då vi fekk pålegg om å skaffe desse vestane, seier direktør Per Langhelle i Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl.

— Dette var eit særnorsk pålegg, og det viser seg at det var ei forhasta avgjerd. Styresmaktene tok seg ikkje tid til å teste redningsvestane tilstrekkeleg, meiner han. Han er oppgitt over stadige krumspring og nye krav frå det offentlege.

Kostbar prosess

Då Statsraad Lehmkuhl fekk nye redningsvestar i 1998, var det fordi dei gamle vestane var modne for utskifting. Langhelle fortel at det på eit skip som Statsraad Lehmkuhl, er vanleg å skifte ut vestane med 10-15 års mellomrom.

Allereie i 1999 kom det krav om å fornye lysa på vestane, ein kostbar og arbeidskrevjande prosess. I fjor måtte så alle vestane bytast ut. Den einaste vesten som tilfredsstilte dei nye krava, var vesten Regatta Thermo Cruise. Den tok meir plass å stue, og difor måtte det byggjast fleire nye kister på skipet. Kistene vart bygde i teak for å gli inn i miljøet på Statsraad Lehmkuhl, og kosta 20.000-30.000 kroner pr. stykk.

Totalt har Statsraad Lehmkuhl brukt nær ein halv million kroner på redningsvestar dei siste åra. No fryktar Langhelle at vestane på båten må skiftast ut for tredje gong på fire år.

- Ikkje plass til to sett

Dersom Regatta-vestane ikkje vert forbodne i Noreg, er dei likevel bannlyste i EU. På Statsraad Lehmkuhl, som seglar i internasjonale farvatn, er det ikkje plass til å oppbevara to ulike sett redningsvestar, eit til bruk i Noreg og eit i andre land.

— Heldigvis har vi vestane frå 1998 liggjande på land. No reknar eg med at vi kan ta dei i bruk att, skjønt vi veit ikkje kva som vil skje, seier Langhelle. Han legg til at det ikkje vil vera nokon i heile verda som vil kjøpe Regatta-vestane.

Lehmkuhl-direktøren meiner at staten bør kompensere for redningsvestane dersom dei vert forbodne. Men han trur det er for dyrt for Statsraad Lehmkuhl å reise erstatningssak mot staten.

— Det hadde vore interessant å få vurdert statens ansvar, så eg håpar at nokre store reiarlag ser seg tente med å gå til sak.