— Vi får stadig meir ekstremvêr, eg etterlyser derfor ein risiko- og sårbaranalyse for bruløysinga, og eit opplegg for ein alternativ veg dersom sambandet stansar opp, seier Atle Kvåle, Arbeidarpartiets fraksjonsleiar for samferdsle i Hordaland.

Kvåle er frå Fusa, og seier at han ikkje motset seg midtre alternativ - bru over Bjørnafjorden - som ferjefri E39 mellom Bergen og Stord dersom fylket samlar seg om den løysinga. Føresetnaden må ifølgje Kvåle vera ein fullgod tofelts indre trasé om Fusa og Tysnes som reserveveg i tilfelle brustenging.

- Eit havstykke

— Bjørnafjorden er ikkje berre ein fjord, det er jo eit havstykke. Og di meir avansert infrastrukturen er, di meir utsett er han. Det er óg grunn til å spørja kor stor risiko vi er villige til å ta med omsyn til faren for terroråtak mot ei sentralline når det ikkje er ein alternativ trasé, seier Atle Kvåle, som ønskjer heile vegstrekninga frå Eikelandsosen i Fusa til Hodnaneset på Tysnes utbetra til standard tofeltsveg.

— Eg ønskjer ikkje at dette skal bli ei konkurrerande sak til ein ferjefri kyststamveg, for det er viktig at Hordaland samlar seg om ein hovudkorridor og unngår ein øydeleggjande lokaliseringsdebatt om den.

— Men vi må koma fram med laks og anna gods dersom hovudvegen blir stengt. Får vi teknologisk til ei fjordkryssing over Bjørnafjorden, så er det spennande. Og det er lett å lata seg fascinera av teknokratiske løysingar. Men når ferja er borte, må vi ha alternative vegar å ty til, seier Atle Kvåle.

Den tøffaste

— Risikoen er handterbar for alle konstruksjonstypane vi har vurdert, både flytebru, hengebru, røyrbru og kombinasjonar av desse, seier Olav Ellevset, prosjektleiar for Ferjefri E39 i Statens vegvesen.

Den tidlegare regionvegsjefen refererer til den såkalla mulighetsstudien for kryssing av Sognefjorden som prosjektet fekk seks konsulentselskap til å utføra i fjor. Med 3,7 km breidde og 1300 meters djup er Sognefjorden vurdert som den tøffaste å kryssa blant dei sju fjordane på E39 mellom Kristiansand og Trondheim som framleis har ferjesamband. "Greier vi Sognefjorden, greier vi alt", er mottoet i ferjefriprosjektet.

— Vi har for kvar brutype lagt inn hendingar som kan oppstå med tsunami, kollisjonar, vêr og vind – slik det er gjort offshore. Konklusjonen er at risikoen er høgst akseptabel for alle typane, seier Olav Ellevset.

— I tilfelle skipskollisjon har vi sett på korleis skade kan unngåast på både brukonstruksjon og fartøy. Og for botnforankringar finst det overvakingssystem som kan gjera oss merksame på eventuell kollisjonsfare, slik at vi kan føreta stenging.

- Køyretøy mest utsette

— Bruene kan bli stengte ved langt lågare vindstyrkar og mindre bølger enn det dei er konstruerte for. For det er

brokombo.jpg

køyretøya, ikkje konstruksjonane, som er mest utsette. Ved utforminga blir det lagt maksimal vekt på tryggleiken. Ved til dømes havari eller sprenging av ein pontong, så skal ikkje konstruksjonen kollapsa.

— Kva med alternativ veg ved langvarig stenging?

— For undersjøiske tunnelar er det viktig å ha tilgong på ferjeleie som reserveløysing, men for brusamband er det ikkje økonomisk forsvarleg å laga reservevegar.

- Har de vurdert risikoen for terroråtak på bruene?

— Fagleg har vi ikkje sett det som mogeleg. Dette vil vera eit politisk spørsmål, og vil i det vidare arbeidet koma inn som ein føresetnad for korleis sikra seg best råd er, seier Olav Ellevset.

Kva meiner du om kjempebrua?

ATLE KVÅLE Fraksjonsleiar samferdsle for Hordaland Ap. Privat foto