OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord/Kvinnherad

Dermed kan ein streifbjørn ha teke seg ut på Folgefonnhalvøya, 50 år etter dei siste bjørneobservasjonane i Kvinnherad-fjella. Den skandinaviske stamma som brunbjørnen tilhøyrer, er veksande.

Men ekspertane er usikre på kva som skjedde med Åkra-bonden Lars Emil Berge si ku «333» på utmarksbeitet for vel ei veke sidan. I Statens naturoppsyn er dei svært tilbakehaldne med å ropa «bjørn!».

— Tvilande

— Etter mitt syn gir skadene på kua ingen indikasjon på at dei skriv seg frå bjørn, seier Statens naturoppsyn sin rovviltkontakt i Kvinnherad, Leif Trygve Varanes. Han er også svært tvilande til at det dreier seg om jerv.

— Eg må ha fleire bilde for å konkludera, men eg er tvilande til at det er bjørn eller jerv, seier Sverre Tveiten ved Statens naturoppsyn sitt rovviltkontor i Eidfjord.

Eigaren av kua, Lars Emil Berge omtalar til Bergens Tidende skadene på kua som mistenkelege. Det var då han før sist helg henta ned den drektige kua frå utmarksbeitet halvannan kilometer vest for Åkra for kalving at han merka at ho var skadd.

Tvillingfødsel før naudslakt

«333» ville ikkje reisa seg. Dyrlegen som blei tilkalt var den som først fatta mistanke om at kua var skadd av rovdyr.

Før det blei bestemt naudslakt av kviga, sørgde veterinæren og bonden for at «333» sine tvillingkalvar kom velskapte til verda. Dei lever no i beste velgåande i fjøset til Berge på Vika i Åkra.

— Eg tenkte ikkje rovdyr, sjølv om eg såg merka på ryggen. Det var først etterpå eg kom meir i tvil. Det merkelege er at det fleire stader på kua var lik avstand mellom det som kan stamma frå tre klør, seier Lars Emil Berge.

Vika-bonden har totalt 40 kyr, sju av dei gjekk på utmarksbeitet. Sist veke fann han også ei annan av dei drektige kyrne sine daud på utmarksbeitet. Ho låg kilt mellom to steinar.

— Eg er ingen ekspert. Eg synest berre det er eit rart system i dei skadene kua hadde bak på ryggen, på sidene og ved det eine øyret. Såra hadde fått skorver, og eg kunne føra heile fingertuppen nedi, seier Lars Emil Berge.

MÅTTE AVLIVAST: Den drektige Åkra-kua «333» var sterkt medteken og hadde tydelege sårmerke på ryggen og på sidene. Tvillingfødselen blei framskunda før «333» blei naudslakta. FOTO: LARS EMIL BERGE