Hittil er det folk som har vore i nær kontakt med fjørkre som har vorte smitta av det hissige fugleinfluensaviruset. Bekymringa er at dette viruset skal utvikle seg slik at det også tek til å smitte frå menneske til menneske, i følgje dr. Geoffrey Schild, ein av Storbritannia sine fremste influensaekspertar.

Schild er ein av deltakarane når 150 forskarar — hovudsakleg frå Noreg og Storbritannia - møtes i Bergen i dag.

Dei skal utveksle kunnskap om:

  • Globale luftvegsinfeksjonar, som influensa og SARS.
  • Motstandsdyktige bakteriar og virus.
  • Infeksjonssjukdom blant fisk.

— Mange epidemiar oppstår i Asia, der dyr, fugl og folk lever tett innpå kvarandre. Influensa blir til dømes spreidd med fugl til andre delar av verda. Derfor namnet fugleinfluensa, forklarar professor og virusekspert Lars Harr ved Universitetet i Bergen til BT.

Etter kvart som folk reiser meir og meir, vert verda mindre og mindre, seier Harr:

— Epidemiar som før var avgrensa til andre land, kjem også til vår kant av verda. Kampen mot infeksjonssjukdomar blir stadig meir aktuell, og har mange aspekt - både økonomiske, sosiale og menneskelege, legg han til.

FN åtvarar

FN gjekk nyleg ut og åtvara om at det truleg berre er eit spørsmål om tid før fugleinfluensaen byrjar å smitte mellom menneske. Fleire millionar menneske kan då døy.

Til no har fugleviruset med namnet H5N1 ført til 69 dødsfall i ei rekke asiatiske land. Nye tilfelle er blitt oppdaga så langt vest som i Russland og Kasakhstan. Store flokkar med kylling og anna fjørkre er blitt destruert i håp om å få kontroll med sjukdomsutbrota.

Situasjonen vil bli langt meir alvorleg dersom viruset endrar seg frå å smitte frå fugl til menneske, til å smitte frå menneske til menneske. Resultatet kan bli ein dødeleg sjukdom som spreier seg i store delar av verda, ein såkalla pandemi.

Anslag over tal på offer for eit verdsomspennande utbrot av hissig fugleinfluensa varierer mellom sju og 100 millionar.

Det mest forsiktige anslaget er lagt fram av ekspertar i WHO, og baserer seg på at 20 prosent av folket på jorda vil bli smitta. 30 millionar kan få trong for sjukehusbehandling.

Den regionale leiaren for WHO i det vestlege stillehavsområdet, Shigeru Omi, har åtvara om at talet på døde i verste fall kan bli 50 eller 100 millionar.

Dette er rekna ut frå dødsraten til spanskesjuka, som tok livet av opptil 40 millionar menneske i 1918 og 1919. Auken i talet på menneske i verda sidan den gongen er teke omsyn til, saman med betre helsevesen og auka reiseaktivitet.

Internasjonalt samarbeid

President George W. Bush i USA lanserte i førre veke eit internasjonalt samarbeidsorgan for overvaking av sjukdomsutbrota. EU-ekspertar oppfordra torsdag til ein meir koordinert innsats i kampen mot sjukdommen, og bad spesielt om samarbeid mellom veterinær- og helsemyndigheiter.

Nederland la sist månad ned forbod mot å la fjørkre opphalde seg ute, for å hindre kontakt med trekkfuglar som kan frakte viruset med seg frå Russland og Asia.

Det siste tiltaket er kontroversielt, og får kritikk frå ornitologar som meiner at rolla til trekkfuglane som berarar av sjukdomen er kraftig overdriven. Dette viser kor mykje usikkerheit det framleis er kring kunnskapen om fugleinfluensa.

Planane for kva som kan gjerast dersom viruset spreier seg raskt, omfattar utdeling av anti-virus-medisinar til utsette folkegrupper, helst i løpet av 48 timar.

På oppfordring frå WHO har den sveitsiske legemiddelgiganten Roche donert medisin som vil vere tilstrekkeleg for tre millionar menneske. FN-organisasjonen planlegg å lagre desse dosane i ei rekke asiatiske land.

WHO-ekspertar meiner at eit utbrot av fugleinfluensa som smittar mellom menneske, må avgrensast i løpet av ein periode på to til fire veker. Dersom det ikkje skjer, er sjansane store for at sjukdommen vil spreie seg ukontrollert over store delar av kloden.

URO: Virusekspertane professor Lars Harr og dr. Geoffrey Schild står i spissen for den internasjonale konferansen om smittsame sjukdomar som starter i Bergen i dag. FOTO: RUNE SÆVIG