Dei meiner situasjonen er dramatisk.

Det finst 30 lokale aksjonsgrupper rundt om i landet som alle er tilknytt folkerørsla som blei skipa i Odda i 2003. Denne helga er representantar frå ein del av gruppene samla i Bergen for å gjera opp status. Aksjonistane meiner dei no ser konsekvensane av at den bedriftsøkonomiske tankegangen er blitt den rådande også i helseføretaka.

— Lokalsjukehusa blir hardt ramma, avdelingar blir samanslegne, det blir verre å få tak i legar og talet på pasientar minkar. Helseføretaka sender pasientar til private sjukehus sjølv om det er ledig kapasitet på mange lokalsjukehus, seier Nils Johan Ystanes frå Odda.

— I Lærdal er situasjonen heilt absurd, der er sjukehuset i ferd med å bli eit distriktsmedisinsk senter, seier Bente Øien Hauge, som blant anna kjempar for å få tilbake fødeavdelinga.

— Alle lokalsjukehus må ha medisinsk og kirurgisk avdeling, akuttberedskap og eit fullverdig fødetilbod, det er vårt hovudkrav, seier ho.

Ystanes meiner regjeringa må skaffa friske midlar til sjukehusa.

— Det trengst 1,5 milliardar ved revideringa av statsbudsjettet. Dessutan må det bli slutt på at nokon helseføretak får færre kroner per innbyggjar enn andre.