I dag skal styret i Helse Vest ta stilling til framtida for sjukehuset i Lærdal. Går det slik administrasjonen i sjukehusforetaket ønskjer, vert fødeavdelinga ved sjukehuset nedlagt.

Aksjonistar som arbeider for å oppretthalda fødeavdelinga fryktar at dette er fyrste steg for nedlegging ikkje berre av Lærdal sjukehus, men at det også kan føra til at Helse Førde på sikt vert truga som eige foretak.

Før styremøtet har aksjonsgruppa skreve eit brev til alle styremedlemmene i Helse Vest. I brevet peikar dei mellom anna på at dette kan verta ein mogeleg konsekvens om fødeavdelinga på sjukehuset i Lærdal vert lagt ned.

«Kuttkannibalisme»

— Vi fryktar at verknadene av omlegginga av sjukehusstrukturen på sikt vil forvitra grunnlaget for å driva fullverdige sjukehus i Sogn og Fjordane, seier Bente Øien Hauge til Bergens Tidende.

Ho er leiar for aksjonsgruppa «Forsvar Lærdal sjukehus».

Ho peikar på at eit av vilkåra for å oppretthalda akuttberedskapen på Voss, er at pasientane frå Indre Sogn skal sendast dit.

— «Akuttkannibalisme,» er aksjonsleiarens kommentar til dette.

— Vi som bur og arbeider i Sogn treng akuttberedskapen i Lærdal, slår ho fast. Ho peikar på at akseptabel reisetid for akuttpasientar til næraste sjukehus av medisinske ekspertar er sett til ein time.

— Reisetida frå Sogn til Voss er mange stader lengre enn dette. Mellom anna må ein rekna at reisetida frå industrisamfunnet Årdal til Voss vert over to timar, seier Hauge.

— Det er for gale at desse pasientane skal køyrast forbi eit fullt utrusta sjukehus, seier ho.

Hauge er redd for at det i framtida vert liknande «pasientlekkasjar» til Volda sjukehus frå Nordfjord. Det vil svekka grunnlaget både for sjukehuset i Førde og Helse Førde som eige foretak, meiner Hauge.

Aksjonsgruppa fryktar at service- og støttefunksjonane ved sjukehuset i Lærdal vil verta uakseptabelt dyre.

— Støttefunksjonane innan anestesi, røntgen og laboratorium som sjukehuset har i dag er dimensjonert for dagens aktivitets nivå.

Spørsmålet er om helseforetaket i framtida har råd til oppretthalda støttefunksjonane på døgnbasis berre for medisinsk akutt beredskap, spør Hauge.

Før styremøtet har dei bede om eit møte med styret. Informasjonssjef i Helse Vest seier til BT at ho reknar med at alle som har bede om å møte styret før møtet får høve til dette.

Siste ord til Høybråten

— Sjølv om innstillinga frå administrasjonen er negativ, har vi ikkje gjeve opp.

Denne saka skal ikkje vera avgjort før helseminister Dagfinn Høybråten har fått henne på bordet sitt, seier Hauge.

Det er helseministeren som skal ha det endelege og siste ordet om korleis sjukehusstrukturen på Vestlandet skal vera i framtida. 18. juni er det foretaksmøte i Helse Vest. Der er helseministeren som statens representant einaste deltakar.

Styreforslaget

Dette er nokre av dei viktigaste punkta i forslaget til styret i Helse Vest:

  • Fødeavdelinga i ved Lærdal sjukehus vert lagt ned. Avdelinga vert i staden omgjort til fødestove.
  • Delar av verksemda innan kirurgi og indremedisin vert overført til sjukehuset i Førde.
  • Akuttberedskapen og fødeavdelinga på Voss skal oppretthaldast. Men legespesialistane innan desse fagområda skal knytast saman i ein sams fagleg eining.
  • Sjukehusstrukturen vert i hovudsak som før i Helse Fonna, men sjukehusa i Haugesund, Odda og på Stord vert integrerte med ei sams fagleg leiing.
DEMONSTRASJONAR: Aksjonsgruppa «Forsvar Lærdal sjukehus» har fleire gonger demonstrert mot nedlegging av fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus. <p/>ARKIVFOTO