Ei fersk rettsavgjerd om å halda drapsmannen bak lås og slå fram til 25. juli 2014 løfta ei tung bør av skuldrene hennar.

— Meldinga om at Kriminalomsorg i frihet gjekk inn for lauslating, gav meg fjorten meir eller mindre søvnlause netter. No pustar eg lettare. No er eg glad, seier Gerd Marit.

Men ho veit at angsten melder seg att, så snart lauslating på nytt vert tema.

Evangerdrapet

Bente Byrkje vart berre 14 år. 6. november 1996 vart ho valdteken og drepen av ein nabogut heime på jenterommet sitt på Væle i Evanger sentrum i Voss kommune.

— Guten var forelska i Bente, men kjenslene var ikkje gjensidige. Han passa henne opp på veg frå skulen, og følgde med frå stoveglaset kva ho gjorde. Til sist sa han at han ville valdta henne, eit trugsmål vi ikkje tok alvorleg. Vi skøya det bort, fortel Gerd Marit.

Den ulykksalege novemberdagen var det nettopp det han gjorde, valdtok den livsglade jenta. Deretter stakk han henne i hel med kniv. Mora fann henne død, med blod over alt på jenterommet.

Dødsliste

Under etterforskinga kom det fram at drapsmannen hadde sett opp ei liste over ti personar han ville ta livet av. Øvst på lista stod namnet til Bente.

— Kenneth, sonen min, og eg skal ha stått på dei to neste plassane, men eg veit ikkje kven av oss som stod øvst, seier Gerd Marit.

Lista har sett ein støkk i henne. Trugsmålet var også ein del av grunnlaget då den opphavelege dommen på 18 års fengsel og fem år sikring i 2003 vart konvertert til forvaringsdom.

Har det godt

Ho skjønar at Kriminalomsorga på eit eller anna tidspunkt vil ha drapsmannen attende i samfunnet. Det ser ho svart på. Men akkurat vil ho gle seg over pusterommet retten har gitt henne, fram til sommaren 2014.

— Eg har det fint, bur saman med snillaste mannen i verda i ei vakker bygd i ein annan kommune. Sonen min har fått seg sambuar som eg er blitt inderleg glad i. Livet er herleg, seier Gerd Marit.

Blanda kjensler

Likevel les ho rettsdokumenta med blanda kjensler. Ho hoppar over skildringane av drapet, og krympar seg kvar gong namnet på drapsmannen dukkar opp.

— Tre og eit halvt år går fort, seier ho ettertenksamt.

Beklagar, eg kan ikkje synest synd på han på nokon måte

Gerd Marit Byrkje

Då kan det bli ein ny runde med angst.

Berga biletet

I meir enn ti år måtte ho bu i huset der dotra vart drepen. Ho hadde vore så stolt då ho kunne finansiera sitt eige hus. No ville ho berre bort derifrå, men var fanga. Ingen ville kjøpa eit slikt hus, og ho hadde ikkje råd til å bu andre stader. Tredje juledag 2007 var ho heime hjå foreldra då politibetjent Jens Petter Gravning ringde og fortalde at huset hennar stod i brann.

— Det første eg tenkte på var biletet av Bente. Saman med bunadane var biletet det einaste uerstattelege i huset, seier Gerd Marit, og nikkar mot eit bilete i flott ramme på veggen. Eit ganske ordinært bilete, oppforstørra utsnitt av eit avisbilete frå Operasjon dagsverk på Evanger skule. Det siste som vart teke av Bente. Gerd Marit sin kjæraste eignelut.

Bunaden klar

Også konfirmasjonsbiletet av Kenneth vart berga frå eit hus som vart totalskadd innvendig, eit profft fargebilete av ein staseleg konfirmant i bunad. Bente skulle stå konfirmant til våren, bunaden var ferdig sydd, men så enda livet så brutalt på jenterommet.

Då forsikringsselskapet hadde renovert huset, let det seg selja.

Til Grimstad

Stine Sofie-stiftelsen har vore den store trøysta gjennom tunge år. Stiftinga vart til etter tragedien på Baneheia i Kristiansand.

— Eg er så glad for at Ada Sofie Austegard ringde meg. Vi samlast i Grimstad kvart år. Alle som kjenner meg, veit at det ikkje nyttar å få meg med på noko anna den veka. Lokalt var prost Knut A. Knutsen ein viktig støtte. Han er det framleis, Sjøl om han no er pensjonist og flytta frå Voss, kan eg ringja kva tid som helst, fortel Gerd Marit.

Ho fann seg ikkje til rette i sorggruppene ho kunne vera med i. Der gjekk eldre kvinner som hadde mist mannen sin i sjukdom og alderdom. Folk kunne ikkje setja seg inn i hennar situasjon. I Grimstad fann ho støtte og forståing.

Hemmeleg adresse

- Skal drapsmannen aldri sleppa ut?

— Ikkje om det er opp til meg. Beklagar, eg kan ikkje synest synd på han på nokon måte. To gonger har han rømt frå fengsel. Då han rømde frå Åsane, kom politiet heim til meg og eskorterte meg til ein trygg plass. Rømlingen tok dei på nattoget i Bergen. Han sa at han skulle til Evanger for å be om orsaking for det han hadde gjort, men dette toget stoggar ikkje der.

- Kva hende då han rømde frå Ila?

— Då ville politiet spara med for ubehaget med å vita at han var på frifot.

- I beste meining?

— Kan henda, men det blir heilt feil. Informasjon, informasjon, informasjon. Eg får aldri nok informasjon. Eg såg innslaga om rømninga på TV. Namnet var ikkje nemnt, men eg synest å dra kjensel på han då han vart pågripen.

- Er fengsel resten av livet einaste råd?

— Det er forkasteleg at eg skal leva i skjul. Eg har ikkje gjort noko gale. Dessutan trur eg han sjølv helst vil sitja inne. Der er det trygt. Ute er det fleire som har sagt dei vil han til livs. Eg trur det mest er Kriminalomsorg i Frihet som vil sleppa han fri.