— Skrekken sit i enno. Det var uhyggjeleg, seier Unni Elisabeth Hovden.

Dei to kom køyrande frå Austlandet mot Bergen natt til laurdag. Ein roleg heimtur på nattestille landevegar vart plutseleg langt meir dramatisk då dei kom ut av Lærdalstunnelen.

Tre gongar kom ein mørk bil opp bak dei. Bilen la seg tett bak, køyrde forbi, berre for å bremse opp og nesten stoppe opp.

— Det var ein heilt uberekneleg situasjon. Første gongen syntest eg det var merkeleg, men eg køyrde forbi for å halde fram mot Bergen, seier Per Lothar Lindtner.

Sperra inne

Men bilen tok dei to igjen, køyrde forbi og stoppa opp. Ut av bilen kjem ein ung mann.

— Han var truande og aggressiv, veiva med armane og ropte noko. Eg vart livredd, og sa at me ikkje måtte køyre forbi, seier Hovden.

Ektemannen var i villreie, men vrengde bilen ut for å køyre forbi. Med det same sprang den unge mannen mot dei og sparka til bilen.

Då vart dei to enno meir skremde, men kunne ikkje gjere anna enn å køyre.

Betre vart det ikkje av at bilen igjen legg seg bak dei, og no ifølgje av ein bil til. Bilane køyrer forbi og stoppar opp. Denne gongen legg Lindtner seg ut og forbi med det same. Seinare ser han i bakspeilet at dei to svingar av til Flåm.

— Det var ein uhyggjeleg situasjon. Dei to bilane prøvde å stenge oss inne, og det på ein heilt aude strekkning. Eg vurderte først å køyre inn til Flåm for å få tak i hjelp, men kvar får me det midt på natta. Eg valde å køyre vidare, men var redd dei skulle dukke opp på ny heile tida, seier Lindtner.

Vil vere trygg på vegen

Ekteparet kontakta politiet i Sogn og Fjordane og vil no melde saka.

— Dersom det er fleire som har opplevd liknande situasjonar, vil me gjerne vite det, seier Kjetil Avsnes, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane.

Politiet kjenner ikkje til liknande episodar i Sogn og Fjordane, men vil no etterforske saka.

Berre for nokre veker sidan åtvara politiet i Gudbrandsdalen mot landevegsrøvarar som gjev uttrykk for at dei treng hjelp, for deretter å truge til seg pengar frå dei som stoppar for å hjelpe.

— Etter vegtrafikklova har ein også ei hjelpeplikt og skal stoppe når det er nokon som treng hjelp, seier Avsnes.

Vil skåne andre

— I denne situasjonen var det ikkje nokon som gav uttrykk for at dei trong hjelp. Etter det me har fått forklart av situasjonen har ekteparet her handla korrekt, seier Avsnes.

Politiet oppmodar folk til å ikkje stoppe om ein kjem opp i slike situasjonar, men ringe politiet og prøve å få med seg observasjonar, helst bilnummer. Lindtner og Hovden fekk i alt kaoset ikkje med seg bilnummeret. Dei to håpar å kunne åtvare andre ved å fortelje historia si.

Det verste etter episoden synest dei to er å bli frårøva kjensla av å kjenne seg trygge på vegen.

— Samfunnet kan ikkje bli slik at me skal frykte alle andre. Første tanken ein har når ein er ute og fartar på vegen er å hjelpe andre, seier Lindtner.

Paul S. Amundsen