Oppdrettsnæringa i Hordaland slit tungt med luseproblem, og planlegg blant anna med jamne mellomrom å tømme Hardangerfjorden for oppdrettsfisk.

Dermed treng dei andre lokalitetar for all fisken, og kollegaene i nord fryktar no ein invasjon frå Hordaland.

Søkjer store lokalitetar

— Vi meiner at problema som er skapt i Hordaland, må løysast i Hordaland, seier Carl-Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer AS.

Han representerer eitt av dei åtte største oppdrettsselskapa i Sogn og Fjordane som no vender seg til Mattilsynet med krav om at tilsynet set ein stoppar mot at kollegaer frå nabofylket får etablere seg med nye lokalitetar i Sogn og Sunnfjord.

Så langt er det storselskapet Sjøtroll Havbruk AS med base i Austevoll som har søkt om minst fire nye lokalitetar i Sogn og Fjordane i kommunane Gulen, Hyllestad, Høyanger og Fjaler.

— Dei søkjer om lokalitetar på opptil 7.200 tonn biomasse. Det er over dobbelt så stort som våre største lokalitetar, seier Carl-Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer.

  • Her i Sogn og Fjordane har vi ein struktur i bransjen som hindrar sjukdom og lus, og det dei driv med i Hordaland bryt med det som vi har etablert.

I brevet til Mattilsynet skriv oppdrettarane i Sogn og Fjordane at dei ser med uro på det som no går føre seg i Hordaland, og at dei fryktar auka press på «sine» lokalitetar og større risiko for lus og sjukdom på fisken.

Brønnbåttrafikk til og frå

Dei viser til at Sogn og Fjordane er eit mindre oppdrettsfylke enn Hordaland, og skriv at dei har ein struktur og eit samarbeid i næringa som har gjeve mindre problem med lus og sjukdommar enn i andre regionar.

— No kjem det press for å flytte biomasse nordover til oss. Det ser vi på med stor uro, seier Arnesen.

  • Med våre fire laksefjordar er talet tilgjengelege oppdrettsområde sterkt avgrensa, og dei aktørane som allereie finst i fylket vil sjølv trenge dei areala som finst. Dersom hordalandsoppdrettarane får produsere i Sogn og Fjordane, vil det bli auka trafikk med brønnbåtar med stor risiko for å spreie sjukdom og lus.

Selskapet Sjøtroll Havbruk AS har hovudsete i Austevoll, og er eit av Norges største selskap innan lakseoppdrett og foredling. Dei har i dag produksjon i ti kommunar i Hordaland, og søkjer altså no om fire nye lokalitetar i nabofylket Sogn og Fjordane.

— Same rett som andre

  • Ut frå konkurranseomsyn forstår eg utspelet frå Sogn og Fjordane. Men ikkje ut frå frykt for auka smittefare, seier administrerande direktør Hans Jørgen Runshaug i Sjøtroll Havbruk AS.
  • Dagens reglar og forskrifter gjeld for alle, og vi har same rett som andre til å søkje lokalitetar.

Runshaug trur at kollegaene i nord kanskje ikkje har sett seg godt nok inn i situasjonen.

— Det er ei kjent sak at lusa kjem sørfrå, og dermed er det viktig for oppdrettarane i Sogn og Fjordane at vi lenger sør får gjort dei naudsynte tiltaka. Dersom ikkje det skjer, blir det også verre for dei lenger nord, seier Runshaug, som trur at soneinndelinga snart vil gjelde heile kysten, inkludert Sogn og Fjordane.

— Det er ikkje nokon grunn til å tru at lakselusa vil respektere fylkesgrensene, seier han. Kva bør Mattilsynet gjere i denne saka?