Folkehelseinstituttet (FHI) trur ikkje folk i Gulen og Masfjorden vil få langtidsverknader av helseplagene etter eksplosjonen i Sløvåg. Ekspertane sin konklusjon på at ei rekkje personar rundt industriområdet har hatt helseplager etter eksplosjonen i mai i fjor, er at plagene vil forsvinne når lukta er vekke.

Les bt.nos dekning av ulykken dagen den skjedde her Jan Alexander ved Folkehelseinstituttet stod fast på at helseplagene skuldast stanken frå svovelforbindelsane som blei sleppt ut då tankane gjekk i lufta.

— Stoffet er ikkje direkte helseskadeleg. Men det er ubehageleg. Folk kjenner seg dårlege, og det er heilt reelt, sa Alexander.

Samanlikna med sjøsjuke

På folkemøtet i eit meir enn fullsett samfunnshus på Dalsøyra samanlikna divisjonsdirektøren i FHI plagene folk har hatt med sjøsjuke.

Det provoserte fleire av dei frammøtte. Mellom dei Gjermund Halsvik, ein av innbyggjarane som har markert seg sterkast med kritikk av styremaktene.

— Eg skal love at det eg og mine næraste har hatt av plager ikkje kan samanliknast med å bli sjuk på sjøen. Det som blir sagt no føyer seg inn i rekkja av bagatellisering og forsøk på å dekkje over manglande handtering frå styremaktene, sa Halsvik som ville vite om det blir sett i verk ei grundig oppfølging av dei som har vore mest plaga.

Alexander stod fast på at høgst sannsynleg har ingen vore utsette for stoff som blir lagra i kroppen og kan gje helseskadar eller -plager på lang sikt. Han ville ikkje svare på om det blir sett i gang ei oppfølging, men blei redda av ordførar Trude Brosvik.

— Dette blir eit sentralt poeng når miljøminister Erik Solheim kjem til Gulen neste veke.

Reagerer lettare

FHI meiner konsentrasjonane av farlege stoff som blei sleppt ut etter eksplosjonen ikkje kan ha vore så store at dei skal føre til seinskadar.

**Les også:

Skepsis til dei nye eigarane**

— Men det har vore så høge konsentrasjonar av irriterande gassar at det har gitt plager i form av såre halsar og auge, hovudverk, kvalme og søvnvanskar. Vi veit at folk som blir utsette for så stor luktpåverknad ein gong, kan reagere lettare etterpå. Dei kan bli meir ømfintlege, sa Jan Alexander.

Han trur ikkje det er grunn til å vente auka kreftrisiko, fordi dei aller fleste stoffa som er påviste ikkje er kreftframkallande.

Beklaga

På folkemøtet beklaga Alexander at han i fjor sommar hadde uttalt seg på ein slik måte at det kunne tolkast som det var psykisk årsaker til helseplagene. Det skjedde etter at miljøaktivist Kurt Oddekalv, som kom sjøvegen til Dalsøyra i «Miljødronningen», utfordra Alexander på at han hadde sagt at folk innbilte seg at dei var sjuke.

— Folkehelseinstituttet skuldar folk i Gulen ei unnskyldning fordi det blei sagt at plagene var psykiske problem.

— Eg har aldri sagt det slik. Men om det vi sa i fjor sommar blei tolka slik, er ikkje det bra. Det beklagar eg, svarte Alexander.

Alexander hadde eitt råd til folk i området:

— Personar som føler seg sjuke eller har helseplager må gå til fastlegen sin. Så er det opp til fastlegen å vurdere tilvising til spesialisthelsetenesta.

Kva synest du om styremaktene si handtering av saka? Diskuter her.

KAN FÅ BEREDSKAPSGRUPPE: Helsedepartementet vurder no om Folkehelseinstituttet skal få ei gruppe som kan rykkje ut ved kjemiske ulukker. Det opplyste FHI-direktør Jan Alexander på folkemøtet i Gulen i går ettermiddag. FOTO: ØYSTEIN TORHEIM
VIL HA GRANSKING: Gjermund Halsvik vil ha ei grundig oppfølging av folk som har blitt sjuke. FOTO: ØYSTEIN TORHEIM
MÅ UNNSKYLDE: - Folkehelseinstituttet skuldar folk i Gulen ei unnskyldning fordi det blei sagt at plagene var psykiske problem, sa miljøaktivist Kurt Oddekalv.
Øystein Torheim
EKSPLODERTE: 24. mai i fjor gjekk to tankar i lufta ved anlegget til Vest Tank i Gulen. ARKIVFOTO: BERGENS TIDENDE