• Veljarane, ikkje valordninga, har ansvar for valresultatet, seier leiaren i valrådet.

Håkon S. Giil er leiar i valrådet i Bjørgvin og kandidat til bispedømerådet. Han har også lagt merke til at den første kandidaten på alle vallister kom inn.

— Det er eit faktum, men fortel berre ein ting: At veljarane bør vere bevisste på kven dei ønskjer skal inn i bispedømeråda, seier Giil.

— I eit kvart demokrati har veljarane eit ansvar, og eit kvart demokrati er bygd på føresetnaden om at veljaren tek det ansvaret.

L for Ljones

- Men kyrkjevalet har fått kritikk for å informere for lite og for dårleg om kva dei ulike kandidatane står for?

— Min påstand er at den kritikken er fullstendig feil. Bispedøma har utarbeidd ein grundig presentasjon som ein kvar veljar kan få tak i, og BT er ein av dei avisene som har gjort ein prisverdig innsats for å få fram kandidatane sitt syn på aktuelle spørsmål.

- Men er det ikkje eit demokratisk problem når den første bokstaven i etternamnet kan avgjere om du kjem inn?

— Det kan så vere, men eg kan ikkje utan vidare sjå at dette har slått til. Ingmar Ljones er langt ute i alfabetet, men kom likevel inn i Bjørgvin,

- Men Ljones er samtidig den mest kjende blant mange ukjende kandidatar?

— I Hordaland, ja. Men sjølv om plassering på lista kan ha hatt ein viss innverknad, vil eg under alle omstende hevde at listeplassering har betydd mindre i år enn ved noko kyrkjeval tidlegare, seier Giil.

Ingen draum om Andersen

- Du er sjølv kandidat til bispedømerådet, men kom ikkje inn ved direktevalet. Skulle du ønskje at du heitte Andersen?

— Eg er godt nøgd med det namnet eg er blitt tildelt. Uavhengig av valresultatet har eg korkje no eller tidlegare ønskt meg etternamnet Andersen.

- Bodil Birkenes seier at ho aldri vart spurd om å stille som kandidat til bispedømerådet. No er ho valt inn mot sin vilje. Kva er din kommentar?

— Eg er forundra over å høyre det. For det første vart dei kandidatane som vart føreslegne utan å bli spurde, ikkje førde opp mot sine ønskjer. For det andre vart presentasjonen av kandidatane utarbeidd i samarbeid med dei personane som stilte til val. Ein kandidat nekta å medverke. Det var ikkje Bodil Birkenes.

Giil er 2. vara til det avtroppande bispedømerådet i Bjørgvin.

— Det er ein tankekross at ingen av dei sitjande representantane som har gjort ein veldig god innsats, er blitt funne verdige til ein ny periode.