• Gigantprosjekta Campus Fosshaugane og «Trivselshagen» kan begge gi Lillehammer-syndrom i Sogn og Fjordane. Resten av fylket blir taparane om statlege og fylkeskommunale midlar i mange år framover.

I forkant av OL på Lillehammer i 1994 frykta idretts-Norge at OL-anlegga ville stikke av med alle spelemidlane. No er frykta den same i Sogn og Fjordane.

Rådmann Martin Lyngstad og kultursjef Jan Ketil Øygard i Gloppen vender tommelen ned for «Trivselshagen» på Sandane.

Fylkesdirektør Bjørn Birger Bremer seier til Bergens Tidende at Campus Fosshaugane i Sogndal vil ta nesten alle dei fylkeskommunale skule-investeringskronene fram til 2012.

— «Trivselshagen» vil åleine ta tre gonger tippemidlane som fylket får tildelt pr. år. Det vil ramme dei andre 25 kommunane i fylket, skriv Øygard i eit notat.

Men også Campus Fosshaugene vil gjera innhogg i tippemidlane som Sogn og Fjordane kan rekna med å få i perioden 2006-2012.

Fylkesdirektør Bjørn Birger Bremer er krystallklar om konsekvensane som Campus Fosshaugane vil få for dei andre skuleanlegga i fylket:

— Fylkeskommunen sin del av dette prosjektet er mellom 250 og 300 millionar. Slik det ser ut i dag har fylkeskommunen kun mellom 20 og 30 millionar pr. år å bruke på skuleinvesteringar, i perioden frå 2005 til 2012.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane skal 3. juni drøfte Campus Fosshaugane og «Trivselshagen».