— Om lag 1000 liter sprit skal vere sendt frå Oslo til Stavanger. Vi ser ikkje bort frå at delar av partiet kan vere distribuert nordover til Hordaland, utan at vi har opplysingar om dette så langt, seier politiinspektør Jon Aga i Moss til Bergens Tidende.

Spriten var lagra på ti liters plastkanner, og vart sendt til Stavanger for fleire veker sidan.

— Vi byrjer å få oversikt over nettverket, og har så langt pågrepet ni personar. I tillegg er minst ein person bestemt pågrepet, mens ein anna har lovd å melda seg sjølv, seier Aga til BT.

6400 liter

Spriten skal vere smugla inn i Østfold på lastebil frå Sverige av ei lita gruppe nordmenn.

— Vi kjenner ennå ikkje kor spriten opphavleg kjem frå, men veit at 6400 liter har kome på lastebil frå Sverige, seier Aga.

Sjølv om politiet veit om fleire av mottakarane, har dei enno ikkje kome heilt ned i nettverket og fått åtvara om den særs farlege spriten.

Etter det Bergens Tidende kjenner til, er hovudmannen bak spritskandalen ein østfoldsmann i 50-åra. Mannen er tidlegare straffa for smugling. Etter at mannen har forstått alvoret i situasjonen, har han bidratt med en rekke opplysningar til politiet.

Analyser gjort av Kripos viser at spriten er blanda ut med metanol, såkalla tresprit.

— Vi veit ikkje kvifor dette er gjort, seier Aga.

Ein teori går ut på at smuglarane har blanda billig tresprit i smuglarspriten for å auke fortenesta. I små konsentrasjonar vil ei slik utblanding kunne gå bra. I større dosar er metanol svært farleg, og kan ende med tap av synet og i verste fall dødsfall.

Varige synsskader

— Enkelte har forklart at dei har drukke små mengder av spriten for ei vekes tid sidan, utan å merke noko gale. Dei har difor kjent seg trygge. Når dei så har drukke meir seinare, har dei vorte alvorleg sjuke, seier politiinspektør Aga.

Til saman er ti personar innlagt ved sjukehus sidan torsdag.

— Minst to personar er alvorleg skadd og har fått varige synsskader av spriten, seier politiinspektør Jon Aga.

FARLEG SPRIT: Kriminalsjef i Moss Øivind Sveistrup viser fram ein dunk med metanolhaldig sprit som blei beslaglagt i samband med metanolforgiftningane i Østfold før helga. No fryktar politiet at spriten kan ha hamna på Vestlandet.

FOTO: ERLEND AAS/SCANPIX