— Kvifor skal dei til Austevoll? Me har det så roleg og fredeleg her. Eg bur åleine i eit stort hus, og fryktar at dei tar seg inn i huset mitt, seier Bakke.

Ho er fast bestemt på å flytta dersom senteret blir ein realitet.

— Kjem dei narkomane hit, så flyttar eg på gamleheim. Sjølv om det ikkje er det eg vil, for eg klarer meg sjølv, seier ho.

Ho understrekar at ho vil dei narkomane vel, men at dei ikkje høyrer heime i Austevoll.

Underskriftskampanje

Skulen på Storekalsøy blei lagt ned på midten av 1990-talet, som eit kompromiss mot at øya fekk bru.

Bergensaren Paul Werner Kristiansen kjøpte skulen i mars i år. Han ønskjer å etablera eit dagsenter for vaksne menn, som har eit oppriktig ønske om å bli rusfrie.

Velforeininga på Storekalsøy er sterkt imot dagsenteret. Foreininga tok i vår initiativ til ein underskriftskampanje mot senteret, som 100 av rundt 140 innbyggjarar har skrive under på. Underskriftene blei sende både til Kristiansen og Austevoll kommune.

— Me er uroa for beredskapen ved senteret. Kva viss noko skjer? Det er verken politi eller lege her ute, seier Astrid Marie Kalve i Storekalsøy vel.

Ho blir om kort tid mor til sitt første barn, og fryktar at barnet ikkje vil kunne leika ute på same måte som barna på Storekalsøy gjer i dag, viss senteret blir etablert.

Ikkje ute etter pengar

— Eg forstår at bygdefolket er engstelege, men eit dagsenter på Austevoll vil ikkje nødvendigvis føra til meir kriminalitet på øya. Problemet er at det er ingen som vil ha dei, seier Paul Werner Kristiansen.

Han seier vidare at bygdefolket ikkje treng å engsta seg for beredskapen, og at ein beredskapsplan er under utarbeiding.

Etter planen skal brukarane fraktast til og frå senteret med minibuss. Eventuelle brukarar vil i hovudsak vera frå Bergen og Os, men det er også aktuelt at brukarar frå Austevoll får plass ved senteret.

Kristiansen jobbar til dagleg som omsorgsarbeidar for narkomane på oppdrag frå både Bergen kommune, Os kommune og Austevoll kommune.

— Eg kjøpte skulen for å kunna tilby brukarane eit dagtilbod der dei kan få arbeidstrening og undervisning. Det er stort behov for det, seier han.

Bygdefolket stiller spørsmål ved kvifor Kristiansen vel å satsa på eit slikt senter.

— Viss eg var ute etter å tena pengar, hadde eg ikkje satsa på taparane i samfunnet, seier Kristiansen.

Han etterlyser støtte frå dei som ønskjer eit senter som dette velkomen.

— Så langt har eg berre møtt motstand. Det er på tide at dei narkomane sjølve, pårørande og rusomsorga kjem på banen.

Støttar bygdefolket

Han tilbakeviser at lokalbefolkninga ikkje har fått koma med innspel i saka.

— Dei seier at dei føler seg overkøyrde, og at dei ikkje har fått informasjon. Det stemmer ikkje. Det einaste dei gjer er å kritisera og spreia rykte. Dei har ikkje kome med eit einaste forslag om kva anna skulen kan brukast til, seier Kristiansen.

Kommunen har ikkje sagt noko offisielt i saka, men ordførar Helge André Njåstad (Frp), seier at han personleg deler bygdefolket sin skepsis.

— Eg synest opplegget verkar litt tynt, men kommunen har få moglegheiter til å gripa inn, sidan det er ein privatperson som eig bygget, seier Njåstad.

Ifølgje han er kommunen si einaste moglegheit til å setja ein stoppar for prosjektet og ikkje innfri Kristiansen sin søknad om bruksendring på huset.

— Viss kommunen kjem i posisjon til å stilla krav, så vil me gjera det. Me er på lag med bygdefolket, seier Njåstad.

I HARNISK: - Me ønskjer at dei narkomane skal bli rusfrie, men me vil ikkje ha dei i gamleskulen vår, seier bygdefolket på Storekalsøy i Austevoll. Bak frå venstre Nils Magne Bakke,Lars Henning Vaage, Magdalena Klepsvik og Astrid Marie Kalve. I framgrunnen Sigrid Bakke. FOTO: EGIL SUNDE