Fryktar for livet i Noreg

Han har skrive at Muhammed valdtok og drap. No bur forfattar Mariwan Halabjaee på hemmeleg stad i Noreg og fryktar for sitt eige liv.

NJORD V. SVENDSEN

- Eg har teke imot drapstruslar, og veit at ein bestemt person som bur i Noreg leiter etter meg. Eg fryktar at han har fått i oppdrag frå islamske grupper å finne ut kvar eg er, seier den kurdiske forfattaren frå Nord-Irak.

Halabjaee vart innvilga asyl i Noreg i august.

Taust frå PEN
I går var han i Bergen for å halde foredrag i det nystifta Kurdisk seminar- og debattforum om kvinner og islam.

Halabjaee seier han sjølv har valt å opphalde seg på hemmeleg stad, og at norske styresmakter ikkje har gitt han noko særskilt vern.

Forfattaren hevdar også han har freista å få hjelp frå Amnesty i Noreg og den norske PEN-klubben, utan å få respons.

Ifølgje Halabjaee, har både Ansar al-Islam og Al Qaida kome med trugslar mot han - i form av ein fatwa.

- Eg fekk vite om dette to månader etter at eg kom til Noreg, seier han. Fatwaen er medverkande til han har reist frå Oslo til ein annan stad i Noreg.

Halabjaee, som har blitt omtalt i utanlandske media som Kurdistans Salman Rushdie, flykta frå Nord-Irak til Noreg i fjor. Etter at den siste boka hans kom ut, ei bok om kvinner i islams historie - «Sex, Sharia and Women in the History of Islam», vart situasjonen for farleg for Halabjaee i Irak.

I boka skriv han mellom anna at profeten Muhammed skal ha hatt 19 koner, at han valdtok og drap menneske.

- Jobben min
Halabjaee seier dette om kvifor han har skrive den kontroversielle boka:

- Det er jobben min. Eg er forfattar. Dette er eit intellektuell sak. Eg står på fridomen si side. Kvar dag vert kvinner drepen i vårt samfunn. Eg burde skrive ei bok om dette kvar dag.

Den kurdiske forfattaren har gitt ut til saman 14 bøker, både historiske og akademiske verk og skjønnlitteratur. Den siste boka kom ut i november 2005. Først då karikaturstriden stod på som verst, vart ho eit tema for radikale islamistar.

I eit intervju med BT ti dagar etter at han kom til Noreg, seier Halabjaee at alt som står i boka er basert på Koranen eller andre religiøse skrifter, men at islamske leiarar ikkje aksepterer å bruke kjeldene slik han har gjort.

Han hevda også at han vart freista arrestert av den kurdiske ministeren for religiøse saker i Nord-Irak.

Liknar på Rushdie
- Einaste forskjellen på meg og Rushdie er han skreiv ein roman der det er rom for fantasi. Eg har skrive historie, basert på fakta og basert på tekstane i Islam, seier Halabjaee.

Sjølv om han fryktar for sitt eige liv, har forfattaren reist rundt og halde foredrag.

No ventar han på at kone og barn skal kome etter til Noreg.

- Byråkratiet i Noreg arbeider sakte. Dei er i livsvare i Nord-Irak, seier Halabjaee.

Les også:

Siste fra Lokalt

Bilder

I FARE: Eg har blitt drapstruga, seier forfattaren Mariwan Halabjaee frå Nord-Irak. No må han bu på ein hemmeleg stad i Noreg.