— Det var eit flammehav. Varmen var enorm, seier fiskebåtreiar Peder O. Lie. Då han kom ned på kaien på Liaskjæret klokka halv to natt til laurdag, stod notbøteriet i full fyr. Å berge noko av det som låg inne i bygningen var ikkje til å tenkje på. Nokre meter unna låg den gamle fiskeskøyta «Liaskjæren». Lie greidde så vidt å få lagt båten frå kai. Ein smelta livbøye og målingsblemmer på båtsida fortel kor sterk varmen var.

I går var det berre oske att av den elleve meter høge trebygningen, som var brukt som lager og notbøteri. Millionverdiar er gått tapt.

For Peder O. Lie og Liegruppen er det verste dei tre store loddenøtene som brann opp.

Til veka får selskapet vite om det blir loddefiske til vinteren. Liegruppen har fire store ringnotsnurparar som dei håpar skal få fiskekvotar i Barentshavet utanfor Finnmark frå februar. Men nå står dei utan fiskereiskap.

— Dette er utstyr som det tek tid å få laga. Kvar not kostar 3,5 millionar kroner. Men vi håpar vi skal greie å få erstatta nøtene før fisket byrjar, seier Peder O. Lie.

Truleg fullverdiforsikra

I alt gjekk minst sju nøter tapt, i tillegg til tre bilar som stod parkert på kaien. Lie hadde i går kveld ennå ikkje fått oversikt over nøyaktig kva som fanst i bygningen, som vart bygd på 60-talet.

— Eg reknar med at anlegget var fullverdiforsikra, så slik sett er det ikkje den store dramatikken, seier Lie.

Årsaka til brannen var i går ikkje kjent. Det var både lager og kontor i huset, og det var folk på arbeid der i veka som gjekk.

— Det stod ikkje varme på, og det elektriske anlegget var nytt. Eg hadde ikkje ein gong tenkt tanken på at det kunne brenne her, seier Lie, som bur berre nokre hundre meter unna.

Frykta giftig gass

Det var ikkje folk i huset natt til i går, og ingen kom til skade. Ni grannar vart evakuert medan brannen raste. Tankar som rommar 30.000 liter diesel låg like ved bygget, men desse tok ikkje fyr. Politiet frykta også giftig gass frå fiskeutstyret som brann, og sperra difor av området.

Mor til Peder O. Lie, Gudrun Lie (86), bur like.

— Det var veldige smell, akkurat som om nokon skaut med rakettar. Eg såg kolossale flammar. Det var forferdeleg nifst, seier Lie.

Til alt hell var det ikkje mykje vind, slik at flammane ikkje slo over på grannehusa.

Brannfolk frå både Ågotnes, Laksevåg og hovudstasjonen i Bergen rykte ut med i alt seks bilar. Då dei kom fram, var bygget overtent.

— Det tok til å brenne oppover i skråninga, og ei stund såg det ut til at brannen skulle spreie seg, men vi fekk kontroll, seier politimeister Børre Brekkvassmo i Sotra brannvern.

Kriminalteknikarar byrja granskingane av branntomta i går, men har ennå ikkje konkludert om brannårsaka.

INGENTING ATT: Peder O. Lie i Liegruppen tek sikte på å byggje opp att notbøteriet på Liaskjæret. Måndag byrjar arbeidet med å få erstatta dei kostbare nøtene som selskapet treng for å delta i loddefisket til vinteren.
OVERTENT: Kombinasjonen av trevegger og fiskenøter gav ein enorm varme då notbøteriet til Liegruppen tok fyr natt til laurdag.