PER MARIFJÆREN

Det er mannskapets skriftlege melding til administrasjonen og styret i Fylkesbaatane (FSF), som kommande måndag stenger kiosken om bord på M/F «Fjalir» på trekantsambandet i Ytre Sogn mellom Rysjedalsvika, Rutledal og Solund. Heretter er det slutt med kokk og kioskbetjening om bord.

Dei tilsette om bord reagerer svært sterkt på at ein skal prøve å spare pengar på denne måten.

Største tilbakesteg nokon gong

På eit møte tidlegare i denne månaden underteikna 15 frustrerte tilsette på «Fjalir» eit brev til administrasjon og styre i selskapet, der dei går hardt i rette med det dei meiner kan vere det største tilbakesteget i FSF si historie.

I brevet skriv dei at sparetiltaka er tatt ut av samanhengen, og at ei ferje er ein heilskap der restaurasjonen er ein del av pakka.

«Vi er alvorleg ottefull for den ekspansjonen som foregår ved administrasjonen i Florø. Det kan då ikkje vere økonomisk balanse med om lag same tal personar på land som til vanns», skriv mannskapet, og spør kvar administrasjonen får si inntekt frå: «Kjem den frå «husflidsarbeid» i huset eller kjem den kan hende frå ferjer og skip?»

I brevet heiter det vidare at «Intendanturen må vel no få ekstra midlar for å telje brødskivene til båtane, sidan kokkane sluttar», og mannskapet meiner at både denne avdelinga og innkjøpsavdelinga har utspelt si rolle.

«Det er vanskeleg å finne ein innkjøpsavtale som båtane har hatt noko forteneste av», skriv mannskapet, som meiner at ferjene ville vere langt betre tente med å bruke lokale leverandørar. Dette ville sågar skape ringverknader for ferjetrafikken og i lokalmiljøa.

Brevet blir avslutta med sju konkrete framlegg til innsparingar, med hovudvekt på at den einskilde ferje bør få ansvar for drift og innkjøp til restaurasjon og kiosk, og at innsparinga skal skje ved å slanke innkjøpsavdeling og administrasjon på land.

Mindre trivsel

Billettørane Jan Brosvik og Magnar Sellevoll hadde middagspause saman med skipsførar Oddvar Myklebust då Bergens Tidende var om bord på M/F «Fjalir» i går.

Frå måndag av blir den fullt utstyrte byssa stengt ned, kokken går i land og blir erstatta med eit nytt kjølerom, ein ny omn til å varme maten som skal tilkøyrast ein gong i veka.

Ei vaskehjelp skal varme maten for mannskapet, kiosken blir stengt og salongen vaska og rydda berre ein gong i døgnet.

— Det har vore ei triveleg stund her når vi har samlast til måltida. No blir det ingen som steller her, det blir dårlegare rydda og reingjort, seier Jan Brosvik.

— Selskapet har alltid tatt seg råd til forpleiing, heilt sidan eg reiste ut første gong i tenåra. No er det slutt, sjølv om selskapet er langt rikare no enn den gongen.

Også for dei reisande blir tilbodet kutta, og det på ein av dei lengste overfartane FSF opererer med sine ferjer. Termoskaffi, nykokt ein gong i døgnet blir den nye attraksjonen.

Karane fortel om dårleg informasjon frå selskapet, at ingen har vore om bord og informert.

— Det går feil veg her om bord. Korleis kan dei rekruttere folk hit under slike forhold? Men det minkar jo just ikkje på folk ved administrasjonen i Florø, seier Magnar Sellevoll.

MISSER KOKK OG KIOSK: Magnar Sellevoll, Jan Brosvik og Oddvar Myklebust meiner Fylkesbaatane ikkje tek omsyn til arbeidsmiljø og trivsel, og undergrev nyrekrutteringa til utkantferjene.
Foto: Oddleiv Apneseth