Flora formannskap fekk denne dystre bodskapen tysdag. Dei første Kleven permitteringane går ut ved årsskiftet, og ved utgangen av neste år vil alle dei 650 Kleven tilsette stå utan jobb ifølgje ordreboka.

Det var Kleven-aksjsonær og SV-politikar Josten Bjørnset som orienterte formannskapet om den svært alvorlege situasjonen for Kleven i Florø og Førde.

Det er høg kronekurs, høg norsk rente og det rådyre norske lønnsopgjeret som er bakgrunnen for at Kleven ikkje lenger matchar prisane som verft i Sør-Europa og Asia gir på nybygg.

På Stortinget har Florø-kvinna Heidi Grande Røys (SV) lodda industristemninga, og omtanken på Løvebakken for industri i distrikta. Ho er sterk pessimistisk og seier:

— Det blir færre og færre av stortingsrepresentantane med industibakgrunn. Det har slått meg kor svakt industri- og distriktstenkinga står i hovedstadmiljøet, seier stortingsrepresentanten frå Florø.