— Førebels er du permittert i eit halvt år fram til 1. mai 2002, står det i brevet frå Elkem. Men det kan bli meir.

Tommy Mundal (31) er overraska og fortvila. For berre eit par år sidan skrytte Elkem-konsernet, i si internavis, over nettopp verket i Svelgen, som også japansk pc-industri er så imponert av. For ifølgje konsernleiinga i Oslo er ekstrem høg kvalitet på Si-metall til pc-produksjon varemerket til Svelgen-verket. Nesten alle pc-ar i Japan har Si-metall frå Svelgen i Sunnfjord.

Sjokk i Svelgen

Stansen av den store smelteovnen i Svelgen kom difor som eit sjokk. No er altså dei 43 som må ut porten fram til 1. mai neste år «utvalgte». Mundal vart ein av dei. Det hadde han ikkje trudd.

— Blir det lenger enn dette halve året må familien vurdere å flytte frå Svelgen. Det blir problem med å oppfylle forpliktelsane, seier Mundal til Bergens Tidende.

— Med eit bustadlån på 1,4 millionar og barnehageutgifter på 3000 i månaden blir dette svært vanskeleg å få til å gå i hop, seier han. Sambuarparet Tommy Mundal og Nina Svorstøl hadde funne idealløysinga i Svelgen. Ho jobba på bensinstasjonen når Tommy var heime og passa barna på sju og eitt år. No mister dei nesten halve inntekta til Tommy.

Svelgen vart ofra

— Heile Svelgens-amfunnet får på ein eller annan måte merke nedgangstidene for smelteverksindustrien. Men det var uventa at vi skulle bli ramma. Ovnen som konsernet stansar 1. november her i Svelgen har Elkem alltid tent pengar på, seier Mundal.

På ein måte er Svelgen ofra for at andre smelteverk i konsernet ikkje skal bli heilts stansa. Det innrømmer også Elkem-leiinga.

NYETABLERT: Tommy Mundal er relativt nyetablert med familie i Svelgen. Hus kjøpte han for tre år sidan. No bygger han på huset.
FOTO: ÅGE SENNESET, FJORDENES TIDENDE