— Den vil innebere ein flyttesjau frå distrikta, seier lokallagsleiar i Utdanningsforbundet i Austrheim, Jan Nordø.

I tillegg til hans eigen skule, Austrheim vidaregåande, meiner Nordø at skulane i Bømlo, Fusa, Osterøy og Etne er særleg utsette.

— Fritt skuleval er dårleg distriktspolitikk, og vil bety kroken på døra for mange allmennfagtilbod i distrikta.

Det var på gårsdagens møte i Utval for opplæring og helse at Lars Inge Bremnes (H) fremma eit forslag rett over bordet om å leggje fram eit notat om fritt skuleval til januarmøtet.

— Dette er inga bombe. Saka er varsla i avtalen mellom koalisjonspartia, seier Bremnes til BT.

— Det blir hevda at fritt skuleval inneber ein flyttestraum frå skular i distrikta?

— Umogleg å spå. Vi vil la elevane bestemme sjølve. Om dei vel å flytte frå distrikta, er det opp til dei.

— Er målet fritt skuleval innan neste haust?

— I utgangspunktet ønskjer vi å innføre ordninga så fort som mogleg, men dette er ikkje eit hasteprosjekt. Vi ønskjer ein ryddig prosess.

Nordø legg vekt på at vidaregåande skular er svært viktige i nærmiljøet, både for næringsliv, industri og framtidig busetjing. Men han fryktar at mange av elevane ved hans eigen skule vil trekkje inn til Knarvik, og dessutan at det vil bli A- og B-skular i Bergen.

— Nokre skular kjem til å bli svært populære, mens andre får B-preg. Slik vi har sett frå Oslo, seier Nordø.

Dersom politikarane gjer vedtak om fritt skuleval, blir Hordaland det niande fylket som innfører ordninga.