— Vi likar dette svært dårleg, seier Sverre Vebjørn Kjerpeseth i Luftfartstilsynet.

I eit brev til Statnett gjev tilsynet sitt syn klart til kjenne:

«Luftfartstilsynet er kjent med at den reviderte energiloven åpner for å gjøre kraftspenn mindre synlige i naturen. Det er en lovendring som ikke overensstemmer med Luftfartstilsynets mål om å arbeide for en sikker og samfunnstjenlig luftfart».

**Les også:

Avslår fritak for merking i Hardanger**

— Slike kamuflerande tiltak gjer det vanskelegare for pilotar å oppdage luftspenn, ikkje minst i dårleg vêr, seier Kjerpeseth.

Sidan 1979 har det vore 12 dødsulukker der fly eller helikopter har kollidert med luftspenn. Samla har desse ulukkene kravd 28 menneskeliv.

— Dette er berre dei sivile ulukkene. I tillegg har Forsvaret mista jagarfly og helikopter i liknande ulukker.

Førdefjorden

Siste dødsulukka skjedde i 2001. Men i åra etter har det vore fleire både sivile og militære nesten-ulukker. Så seint som i fjor haust var eit dansk militært helikopter borti høgspentleidningen som kryssar Langenuen mellom Tysnes og Stord. Piloten greidde å lande helikopteret utan at personar kom til skade.

**Les også:

Kan bli utsatt**

Dei mest dramatiske ulukkene har skjedd med helikopter frå Norsk Luftambulanse. Dei best kjende av desse hende i Naustdal i oktober 1996. Fire personar omkom då eit ambulansehelikopter frå Airlift styrta i eit umerka fjordspenn over Førdefjorden. Ulukka gjorde at det blei sett i verk ei rekkje tiltak for å gjere helikoptertrafikken tryggare.

Må ofte gå ned

— Helikopter møter ofte skiftande vêr. Når dette skjer må pilotane gå ned for å sjå og orientere seg. I slike tilfelle har dei lov til å gå under minstehøgda på 500 fot. Ofte må dei også lande, og stå på bakken til sikt og vêr blir betre, seier Kjerpeseth.

Han held fram Vestlandet som eit område der kraftleidningar utgjer ein spesiell fare for luftfarten:

  • Landsdelen har mange luftspenn, og ein god del av dei er farlege.

Luftfartstilsynet kan gje fritak, men skriv i brevet til Statnett at dei vil vere ekstra restriktive med å gje dispensasjonar for luftspenn som blir prøvd gjort mindre synlege.

Ifølgje Kjerpeseth er det politikarane som har lagt opp til at NVE, Statnett og kraftselskap med nettansvar skal kamuflere leidningsnettet.

  • Det var Stortinget som då dei reviderte energilova, påla NVE å sjå til at nye leidningar blir så lite synlege som råd, seier Kjerpeseth.

Siste ordet

Leiar av energikomitéen på Stortinget, Erling Sande (Sp), seier det alltid vil vere ein balansegang mellom naturomsyn og flytryggleik.

  • I saker med kryssande interesser vil Luftfartstilsynet i praksis alltid ha siste ordet.
  • Kva verdi har det at politikarane vil skjule, når tilsynet i slike tilfelle vil vere endå strengare med godt synleg merking?
  • Etter mitt syn kan det gjerast avbøtande tiltak utan at det går utover flytryggleiken. Det finst gode døme, t.d. at vegetasjon får lov å vekse i kraftgatene. Men eg ser at dette ofte kan vere vanskeleg, og då må omsynet til tryggleik telje tungt.

Trur du dei usynlege kraftleidningane kan føre til flykrasj? Diskuter saken under!