— Hadde ikkje vi satsa på å drive lageret vidare sjølve, ville det vore slutten for fruktdyrkinga i Fresvik, meiner Marianne Bøthun.

I Fresvik er det 15 større produsentar av eple og pære. Mange av dei hadde gitt opp, dersom lageret hadde forsvunne.

— Dette er baksida av medaljen. Produsentane har sterke kjensler for fruktlagera. Det er ein fare for at bønder som no misser lagera dei har vore knytta til, kan komme til å gje opp fruktdyrkinga. Strukturendringane skjer i ei tid der lønsemda er dårleg, og strukturendringane kan vere dråpen som får begeret til å flyte over for mange, vedgår leiaren for Bama-produsentane i Sogn og Fjordane, Odd Erik Loftesnes.

I Fresvik håpar dei eit heimespøta omsetnadsledd skal gje meir pengar til dyrkarane. Bøndene skal pakke frukta sjølv, noko som gjev meir att for pengane. Verdiskapinga skal bli att i bygda. I tillegg trur dei kvaliteten skal bli betre.

— Men det er ikkje tvil om at det er vanskeleg å få innpass i butikkane. Dei store grossistkjedene styrer veldig mykje. Til og med i daglegvarebutikkane i nærområde kan det vere vanskeleg å få inn frukt, innrømmer Marianne Bøthun.

Fruktlageret har likevel sikra seg kontrakt med ein grossist i Oslo. I tillegg satsar dei på torgsal på dei større tettstadene i Sogn og Fjordane.

— Responsen på torgsal har vore veldig god. Det er eit paradoks at vi på torga sel veldig mykje frukt som dei store grossistane ikkje vil ha, seier Bøthun.