LO i Sunnhordland er kraftig opprørt over Helse Vest-rapporten som tilrår sentralisering av akuttfunksjonar ved lokalsjukehusa.

— Planen er dramatisk for Sunnhordland. Bortfall av akuttberedskap kan bli første steg på veg mot nedlegging av Stord sjukehus, meiner leiar i Norsk Kommuneforbund Stord, Per Jarle Valvatne.

— Når Helse Vest opererer med 50 minuttars utrykkingstid mellom Haugesund og Stord, ser dei bort frå at flesteparten av Stord sjukehus sine brukarar er frå Fitjar, Bømlo, Kvinnherad og Tysnes, seier Valvatne.

— Med det store distriktet vi tener, må vi rekna med fleire ambulansefødslar dersom planen blir gjennomført, seier Siren Tyse, representant for Norsk Jordmorforbund ved Stord sjukehus.

- Tilbake til fortida

Legeforeningens representant Jan Inge Sørheim gir Hordaland fylkeskommune honnør for å ha satsa på Stord sjukehus før overføringa til staten, med ny fødeavdeling, nye poliklinikkar og operasjonsstover.

— Med Helse Vest sitt framlegg blir det å gå tilbake til slik det var før. Ved alle akutte kirurgifunksjonar må folk reisa bort frå Sunnhordland, seier Sørheim.

— Vi var for sjukehusreforma. Men det var fordi vi ville ha eit betre helsetilbod, ikkje eit dårlegare. Årsaka til situasjonen Helse-Noreg er komen i, er eit undertilskot frå regjeringa si side, seier leiar Erland Bakken i LO i Sunnhordland.

— Har Helse Vest gløymt at det er rundt 50.000 brukarar som ser sjukehuset på Stord som sitt lokale sjukehus? spør LO-representanten, som heller ser at Helse Fonna (sjukehusa i Odda, Haugesund, på Valen og Stord) sitt eige effektiviseringstiltak blir gjennomført. Det inneber at akuttberedskapen blir som før ved alle sjukehusa.

— Skjer det ein eksplosjon eller andre alvorlege ulukker på dei store industriarbeidsplassane i Sunnhordland er vi ille ute dersom ikkje akuttberedskapen lenger er på plass, seier Roald Agdestein, nestleiar i Fellesforbundet i Hordaland.

Fakkeltog hos Høybråten?

— Skal ein gå i fakkeltog no, må det skje i hovudoppgangen til helseminister Dagfinn Høybråten. Makta i Helse-Noreg er flytta inn i dei lukka rom. Det avslører ein viktig veikskap ved sjukehusreforma, seier Bård Lilleeng, representant for dei yngre legane i Den norske legeforening ved Stord sjukehus.

Med kirurgisk akuttberedskap og fødeavdeling avvikla til fordel for ei sentralisering mot Haugesund sjukehus, kan 200 av 400 arbeidsplassar ved Stord sjukehus stå i fare. Både jordmødrer, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og legar er uroa over at eit redusert medisinsk miljø vil ramma rekrutteringa til alle yrkeskategoriane.

FELLES HELSEFRONT: Til kamp mot redusert fødeavdeling og akuttberedskap ved Stord sjukehus. F.v. Bård Lilleeng (Legeforeningen), Siren Tyse (Jordmorforbundet), Marit Madtsen (Sykepleierforbundet) og Erland Bakken (LO).