Lærarorganisasjonen trur kombinasjonen av kutt i den offentlege skulen og regjeringas framlegg til liberalisering av privatskulelova vil føre til langt fleire private grunnskular.

— Regjeringas lovframlegg gjer det enklare å starte privatskular. Eg trur bygder som blir trua av skulenedlegging, vil satse på å etablere eit privat tilbod. Det same kan skje når foreldre ser at den offentlege skulen blir tappa for midlar. Vi kan ikkje sjå bort frå at ressurssterke foreldre vil aksjonere, og at vi får eit ulikt skuletilbod, seier leiar for Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane, Åslaug Krogsæter.

Til Stortinget

I følgje opplysningar Bergens Tidende presenterte i går kan det gå mot samla kutt på over to milliardar kroner i skulebudsjetta. 2500 lærarar kan misse jobben. Kommunenes Sentralforbund meiner det aldri tidlegare har vore framlegg om så store innhogg i skulebudsjetta.

I Sogn og Fjordane har Utdanningsforbundet brukt dei siste dagane til å undersøkje kor store kutt rådmennene legg opp til neste år.

— Drifta av grunnskulen nærmar seg minimumsnivå. Frustrasjonen er stor, fastslår Krogsæter.

Tala skal presenterast når dei fremste tillitsvalde til lærarane i ettermiddag møter stortingspolitikarane frå fylket for å informere om situasjonen.

Minimumsnivå

— Det som skjer no er heilt forferdeleg. Ein ting hadde vore om dette var første gongen. Men kutta i år kjem på toppen av tidlegare nedskjeringar, kommenterer Krogsæter.

Oversynet frå Utdanningsforbundet viser at så langt er det berre Gloppen og Selje som ser ut til å unngå nedskjeringar på løyvingar til skulen. Selje manglar tre millionar kroner, men kan rett og slett ikkje høvle vekk meir. Då vil Nordfjord-kommunen nemleg ikkje lenger halde seg innanfor dei rammer lova set.

I ei rekkje kommunar ligg det an til hardhendt barbering. Ein mellomstor kommune som Høyanger skal spare fire millionar kroner. Fire lærarstillingar, to assistentar og tre tilsette i skulefritidsordninga skal vekk. I ein liten kommune som Hyllestad har rådmannen presentert framlegg om kutt på 2,2 millionar.

I andre kommunar forbundet hadde oversyn over i går ettermiddag, fordeler føreslegne kutt seg slik (i millionar): Gaular 2,5, Sogndal 1,1-2,6, Vik 0,6, Stryn 1, Askvoll 1, Hornindal 0,3, Leikanger 0,2, Førde 3,2, Eid 1,5, Fjaler 1, Jølster 1,5. For nokre av desse kommunane er dette samla kutt for barnehage og skule.

I tillegg kjem kommunar med budsjettprosessar som gjer at det hittil ikkje er klart kor hardt skulen blir råka. Mellom dei er Gulen, Naustdal og Flora, kommunar der det er kjent at det går mot store innstrammingar. Eksempelvis må Gulen kutte bortimot 15 prosent for å få budsjettbalanse.

BEVISST NEDBYGGING: - Det som no skjer er ei styrt nedbygging av norske kommunar, meiner Åslaug Krogsæter. Ho kan ikkje sjå at det er god samfunnsøkonomi å flytte pengar frå offentlege til private skular.<br/>FOTO: ØYSTEIN TORHEIM