TERJE ULVEDAL og IRINA LEE

Sjarkflåten i Flora tel 10-15 båtar. Når to av fiskarane er melde sakna, er det noko som påverkar heile miljøet.

Ingen vil seie det rett ut, men som dagane går utan spor av dei to fryktar mange at ein tragedie har ramma dei sakna fiskarane. Dei to blei sist sett då dei la ut frå Henningsvær på veg heim til Florø torsdag.

— Det som opptek oss mest er sjølvsagt korleis dei næraste no har det. Det må vere ille, seier Furesund.

Sakna sidan torsdag

Båteigar Kjartan Bauge og svogeren hans, Otto Kalland hadde vore i Lofoten ein månads tid for å fiske torsk og sei. Det har blitt vanleg dei siste åra at sjarkfiskarar dreg til Lofoten på denne tida av året. Grunnen er at silda trekkjer inn i Vestfjorden, og då følgjer gjerne større fisk etter som sjarkane fiskar på.

Sist torsdag sette dei to kursen heimover. Etter at dei la ut frå Henningsvær for å krysse Vestfjorden har ingen sett den 35 fot store sjarken «Brendholm» som Bauge kjøpte for eitt år sidan.

Det var rimeleg bra vêr i området då dei to la ut frå Henningsvær. Men seinare same dagen og fram mot helga bles det mellom liten kuling og liten storm i området frå Vestfjorden og sørover. I tillegg var det kaldt.

Ising

Ein av teoriane går ut på at sjarken rett og slett kan ha isa ned. Dei rundt seks timane ein slik sjark brukar på å krysse Vestfjorden, er meir enn lang nok tid for at det kan ha frose fast så store mengder is at båten rett og slett har kantra.

Ansgar Furesund, som sjølv har vore i Lofoten på fiske mange gonger, seier han ikkje vil spekulere i kva som kan ha skjedd. Men dersom det verste har skjedd, meiner han teorien om ising slett ikkje er usannsynleg: - Eg kryssa ein gong Saltenfjorden i noko som må ha vore tilsvarande vêr. Etter berre ein time hadde vi fått veldig mykje is. I tillegg veit vi at dei gjekk i mørkret. Då kan det vere veldig vanskeleg å sjå at isen hopar seg opp.

Som eit lys er blåst ut

Hovudredningssentralen for Nord-Norge avslutta gårsdagens omfattande leiteaksjon etter «Brendholm» utan at det var gjort eit einaste funn.

— Vi har gjennomført eit svært omfattande søk under glimrande leiteforhold. Fem fly, helikopter og båtar på feltet har vore i aksjon. Vi har tråla heile Vestfjorden og tilgrensande sjø- og havområde, men utan eit einaste funn. Det er som eit lys har blitt blåst ut, seier vakthavande redningsleiar Kjell Johansen ved Hovudredningssentralen for Nord-Norge til Bergens Tidende.

Leitaksjonen blei avslutta då det mørkna i tre-tida i går ettermiddag.

— Men dersom «Brendholm» har gått ned, er det ikkje underleg at det ikkje blir funne utstyr som kan stamme frå sjarken?

— Det er eit veldig godt spørsmål. Men det kan jo vere at dei har surra det dei hadde på dekk veldig godt.

— Kor store er sjansane for å finne dei to i live?

— Å seie at håpet er ute, vil eg ikkje gjere. Men det har trass alt snart gått ei veke utan livsteikn. Til lenger tid det går, til mindre blir sjansen for å finne overlevande, seier Johansen.

Ingen elektroniske spor

Politiet i Harstad har undersøkt elektroniske spor, mellom anna mobilbruk og minibankuttak, for å sjekke om de to kan ha gått i land ein plass.

— Siste bevegelse så langt er ein mobilsamtale klokka 19.25 torsdag kveld, opplyser operasjonsleiar Morten Hole ved Midtre Hålogaland politidistrikt.

— I samarbeid med Telenor blir det også undersøkt om det kan finnast nokre naturlege årsaker til at mennene ikkje har ringt heim etter den tid. Mellom anna sjekkar vi korleis mobildekninga har vore i området, sier Hole.

Alle lensmannskontor og politidistrikt langs hele kysten er varsla om dei to sakna mennene. I tillegg sender kystradioen kontinuerlege sakna-meldinger, slik at båter i området skal halde utkik etter de to.

I dag blir leiteaksjonen tatt opp att. Kor stort omfang leitinga vil få, vil først bli avgjort i dag.

TUNGE DAGAR: For fiskarane i Flora har det vore vonde dagar etter at meldingane kom om at «Brendholm» var sakna. - Måndag kom eg meg ikkje til med noko, fortel sjarkfiskar Ansgar Furesund.