35-åringen frå Somalia er no etterlyst i heile verda. Politiadvokat Knut Broberg opplyser at dei i går tok nødvendige rettslege steg for å få den drapssikta utlevert, dersom han blir pågripen i eit anna land.

— Det har gått ei veke no utan at det har vore råd å få kontakt med han. Vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at han er i utlandet, og har teke høgde for det. Av den grunn er han no etterlyst over heile verda, seier Broberg.

Millionar i skjul

Dersom 35-åringen har forlate Norge og den alvorlege siktinga oppretthalden, kan drapsetterforskinga bli eit langt lerret å bleike. Berre i Europa lever millionar av flyktningar i skjul. Frå Norge finst det tidlegare døme på drapssaker der mistenkte har reist til utlandet, og aldri blitt spora.

Somaliaren har slekt og kjenningar i fleire europeiske land. Han kom til Norge og fekk opphald på humanitært grunnlag i 2001. Men tidlegare har han mellom anna vore busett i Frankrike, der han også skal ha slekt. Han skal ha vener i Danmark, og i følgje NRK Sogn og Fjordane har han ein son og eks-kone i London. I tillegg er det kjent at han også har vore tilbake i Somalia på ferie.

Gyldig reisedokument

Politiet ville i går ikkje kommentere om enkelte plassar eller land er meir aktuelle enn andre, eller om det er teke direkte kontakt med politi i spesielle land. Ei heller vil dei kommentere om det har komme nye opplysningar om mannen, etter at han gjekk av Sogn og Fjordane Ekspressen i Oslo klokka 05.30 fredag morgon.

Som meldt i Bergens Tidende i går har mannen eit opphaldsløyve som gjev han utlendingspass. Dette er eit fullt gyldig reisedokument, og kan brukast over heile verda.

Ikkje svar på DNA

Politiet sa i går at dei ikkje har fått svar på DNA, fingeravtrykk eller andre funn på åstaden. Funna gjort av dei tekniske åstadgranskarane til Kripos, er no til analyse på Rettsmedisinsk Institutt eller i Kripos' eige laboratorium. Utrykningsleiar Asbjørn Hansen i Kripos sa tidlegare denne veka at dei første svara kan komme i slutten av denne veka.

— Vi vil vurdere om vi skal offentleggjere resultata av desse. Men av omsyn til etterforskinga er det lite truleg, seier politiadvokat Broberg.

Trappar ned i helga

Politiet i Sogndal trappar ned etterforskinga no i helga.

— Berre det aller mest nødvendige etterforskingsarbeidet vil bli gjort, seier politiadvokat Knut Broberg.

Kring 20 tenestemenn frå lokalt politi og Kripos har jobba intenst med drapsetterforskinga i over ei veke. Hedda Karterudseter blei funne kvelt på hybelen på Sogndal Folkehøgskule rundt klokka 19.30 torsdag i sist veke.

— Mannskapa har behov for kvile. På måndag vil etterforskinga bli teken opp att med den styrke som er nødvendig, seier Broberg.

I STAMPE: - Vi kan sjølvsagt ikkje utelukke at siktede er i utlandet, og har teke høgde for det. Av den grunn er han no etterlyst over heile verda, seier Broberg.