Det vert færre elevar på skulane knytte til Vestlandets kompetansesenter, og staben er, med meir eller mindre turbulens, krympa dei siste åra. Laurdag skreiv Bergens Tidende at det spissar seg til i arbeidsrettssaka den døve kokken Bente Larsen har reist mot kompetansesenteret.

No fryktar foreldra som har borna sine buande på internat på skulen, at oppseiingane er ein lekk i ei større nedskjering. Dei kjenner seg ikkje trygge på at internattilbodet vert like godt i framtida, og saknar informasjon om kven som skal arbeida på internata etter årsskiftet.

— Leiinga har ikkje orientert oss om kva som er i vente. Vi har høyrt tale om at studentar skal ta over jobbane på internatet. For oss er det eit paradoks sidan dei som er der no vart oppsagde på grunn av manglande kompetanse, seier Jan Rolf Bekkevold og Kari Sørnes, som har born på internata i Ole Landmarks vei og Ibsens gate.

Borna i ungdomsskulealder er dei som oppheld seg mest på internat. Foreldra understrekar at det er viktig med stabilitet og erfarne vaksne, som kan vera som foreldre for borna den tida dei ikkje er på skulen.

— Ein heim skal vera trygg og god. Det er ikkje nødvendigvis høgare utdanning som sørgjer for det, seier Jan Rolf Bekkevold. Han kan ikkje sjå for seg at godt utdanna pedagogar vert verande lenge i stillinga som internathusmor.

May Britt og Atle Sæle reagerer på det dei opplever som mangelfull og tilfeldig informasjon frå leiinga.

— Prosessen har pågått lenge utan at det er gjort noko for å informera oss. No byrjar det å hasta med tanke på at endringa trer i kraft frå nyttår, avsluttar foreldra.

Fungerande senterleiar Annelise Olsen på Vestlandets kompetansesenter seier til Bergens Tidende at foreldra kan vera trygge på at omsorga på internata vert god, også etter nyttår.

— Talet på elevar er gått kraftig ned, og det er ei reell overbemanning på internatet. Den nye bemanninga vert i tråd med gjeldande normer, seier Olsen, som ikkje er kjent med at det er studentar som skal overta for dei oppsagde internattilsette.

Ho opplever ikkje informasjonen til foreldra som mangelfull, og opplyser at det vert skipa til møte med foreldra 9. november.

— Skjønar du at foreldra er urolege for kva framtida bringer. Internatet er jo borna sin andre heim?

— Ja, all omlegging gjer foreldre usikre, og av ulike grunnar har denne prosessen drege ut i tid. Men frå 1. januar vert det ny turnus, der òg nokre av dagens tilsette er med, og vi kan byrja å sjå framover, seier Olsen.