Helse Vest er i gang med å effektivisere pasientbehandlinga ved poliklinikkane (dagbehandling). Mest å hente er det ved å få opp talet på konsultasjonar på byrjinga og slutten av arbeidsdagen.

Ifølgje utrekningar frå Helse Vest kan dei teoretisk sett ta i mot 220.000 fleire pasientar, viss ein aukar arbeidsmengda til 80 prosent av maks om morgonen (kl. 8.00-9.00) og ettermiddagen (kl. 14.00-17.00).

I dag går poliklinikkane for halv maskin om morgonen, og godt under det om ettermiddagen.

— Vi kan ikkje rekne med å ta ut alt, men vi skal få til mykje meir enn mange trur, sa Hilde Christiansen, personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest, då BT omtalte saka onsdag.

Vil kutte møter

Blant effektiviseringstiltaka administrasjonen i Helse Vest har skissert er å kutte i legane sine morgonmøte og undervisning. Dette reagerer Legeforeningen no sterkt på.

— Morgonmøta er der vi diskuterer pasientane, der det er viktig at ein får fortald dei andre legane kva ein må gjere med pasienten, seier Jana Midelfart Hoff, føretakstillitsvald for legane i Helse Bergen.

- Betyr det at utan morgonmøtet aukar ein sjansen for feilbehandlingar?

— Det er kanskje litt sterkt sagt, men på sikt trur eg ein kan få ei dårlegare behandling av pasientane, ja, seier ho.

... og undervisning

På morgonmøta skjer det òg faglege diskusjonar om kva som er beste behandlingsmåte, og dei går gjennom pasientane som er behandla for å vurdere om ein har handla rett og eventuelt lære av feil.

På Nevrologisk avdeling der Hoff jobbar varer morgonmøta og møte med røntgenlegen 45 minutt, eller 55 minutt dei dagane dei har undervisning. Heller ikkje den bør fjernast, meiner Hoff.

— Utviklinga på fagfelta skjer så fort at undervisninga er viktig for å halde oss fagleg oppdatert, seier ho.

- Ikkje utan fleire folk

Det er ikkje berre morgonmøte som står i vegen for Helse Vest sin draum om ein meir effektivt arbeidsdag. Sjukepleiarane jobbar i dag 7,5 timars arbeidsdag. Byrjar dei klokka 8.00 sluttar dei dermed 15.30. Skal ein ha full aktivitet frå 8.00 til 17.00 må ein difor ha fleire folk, seier Brita Tarberg, føretakstillitsvald i Sjukepleiarforbundet i Helse Bergen.

— Vi er i prinsippet samd i at det er lurt å bruke areal og utstyr så effektivt som mogleg, men problemet er at ein då må ha fleire folk viss det skal vere lik drift heile tida, seier ho.

Sjukepleiarane aksepterer i dag lengre arbeidsveker, men då berre i samband med kortvarige tiltak som å få unna ei venteliste. Men skal lenger arbeidsveker gjerast til ei fast ordning må det sentrale, nasjonale forhandlingar til, seier Tarberg.

— Men eg har ikkje høyrt at det har vore diskutert, seier ho.

Stengt lab

Legane har avtalt lenger arbeidstid, men ifølgje Hoff kan ein raskt kome i konflikt med arbeidsmiljølova om ein utvidar arbeidstida på dagtid. Det skuldast at dei i tillegg til dagvakta har jamlege kvelds- og bakvakter.

I dag sluttar poliklinikkane klokka 16. Hoff meiner det er mykje å hente med andre tiltak, som å utvide opningstidene til laboratoriet. I dag stengjer det 14.30.

— Har eg ein pasient som treng ei blodprøve etter det, må eg vise han til fastlegen, seier ho.

Semje om ein ting

Eit av tiltaka Helse Vest ser for seg får likevel støtte frå både legar og sjukepleiarar: Å få fleire til å møte opp til avtalt time.

Kvart år er det 82.000 pasientar som ikkje dukkar opp til avtalt time på sjukehusa i regionen. Dermed blir helseteam ståande utan arbeid, midt i arbeidstida.

Leiinga i Helse Vest meiner det skal vere mogleg å få 50.000 av desse til å stille til avtalt time, mellom anna ved å gjere innkallingsrutinane betre.

Det er åleine fleire enn dei i som i dag står på venteliste for behandling i Helse Vest.