Torsdag, truleg om morgonen, slo ulven til på nytt. Knappe 100 meter over byggjefeltet Skahaug gjekk han til angrep på ein sau og eit lam. Dagen etter vart dyra funne av eigaren, Agnar Gåserud. Då var dei begge i live. Sauen hadde fått rive skinnet av frå midt på magen til juret, og hadde også slagskader fleire plassar. Lammet hadde broten fot. Seinare same dagen måtte dei avlivast.

— Heilt avskremde

— Det som er sikkert er at sauene ikkje oppfører seg normalt. Dei er heilt avskremde, slår Agnar Gåserud fast.

Laurdag ettermiddag gjorde han seg klar til reise til fjells for å sjå etter dyra sine. Tidlegare på dagen hadde han grave ned dei to kadavera.

— Det er ikkje kjekt å verte ute for slikt, sukkar gardbrukaren som er spent på kor mange han vil finne att av dei 135 dyra han sleppte på fjellbeite i vår.

13 dyr

Hittil er det mistanke om at rovdyret har tatt 13 dyr. Kor mange kadaver som kan liggje i terrenget, veit ingen. Men gardbrukarane fryktar det kan vere mange.

— Fire-fem bønder har alt henta sauene sine heim. Denne helga er to til i fjellet for å sanke. Men når dette dyret slår til så nær husa, så er det jo ikkje så mykje vits i å hente sauene ned, seier Johannes E. Henjum, som leiar den hittil resultatlause ulvejakta.

I går viste han Sverre Tveiten frå Statens Naturoppsyn rundt i området der rovdyret har herja. Det er eit område der vegetasjonen er svært tett. Nærast uråd å drive jakt i, og også svært vanskeleg å finne drepne dyr.

— Vi veit det er eit hundedyr som står bak. 100 prosent sikre på at det er ulv, kan vi ikkje vere. Men svært mykje talar for det, seier Tveiten. Same slutninga har veterinærar og rovdyrekspertar drege.

Fryktar ikkje ulven

— Så mykje som vi bråkar trur eg ikkje det er noko fare med å plukke bær, ler Ann Louise Fossøy.

Laurdag tok ho Lousie med seg smårollingane Siri (2), Stian Andrè (7) og Silje (9) i tyttebærskogen på Leikanger. Sjølv om det som sannsynlegvis er ein ulv nærast bevegar seg mellom bustadhusa i bygda, fryktar ho ikkje rovdyret.

— Det vert sjølvsagt prata mykje om det i bygda. Det går mange historier, og folk spøkjer med det. Men eg trur ikkje folk er redde for å gå i fjellet, seier ho.

- Nokre eldre kjerringar

Ulven har vorte det store samtaleemnet på sognebygda dei siste vekene. Historiene florerer. Om hundar som vert livredde, skapar seg heilt vrange og nektar å gå på tur. Folk vaknar om nettene av frykteleg bjelleskraml frå saueflokkar som har trekt ned mot bøane. Og bøndene må lokke sauene med mjøl for å komme nær dei. Så skremde er dei.

— Men eg trur ikkje folk flest nærer noko frykt. Det kan jo vere nokre eldre kjerringar som har droppa bærturane, men ikkje mange, seier ein. Ann Louise Fossøy hadde i alle fall ikkje ulven i tankane, då ho hausta av skogens grøde i vakkert haustver:

— Ulven er vel meir redd for oss, enn vi er for han?

OMVISING: Ulvejaktleiar Johannes E. Henjum (t.v.) viste i går Sverre Tveiten i Statens Naturoppsyn stadane der rovdyret har vore. Området er svært vanskeleg å jakte i.
FOTO: KNUT EGIL WANG