«Toget kjem fort og stilt», står det på plakatane som Jernbaneverket no heng opp på togstasjonane i høgfjellet. Dei startar no ein kampanje for å hindre at skiløparar kryssar jernbanespora i fjellet.

— På den nye høgfjellsstrekninga aust for Finse køyrer vi i 160 kilometer i timen. Det er ca. 45 meter pr. sekund. Så viss du har rota deg ut ned i sporet og ikkje kjem deg opp att, har du ikkje mange sekund på deg til å gjere opp rekneskapen, seier Inge Hjertaas, kommunikasjonssjef i Jernbaneverket Sør/Vest.

Ser spor

Allereie har dei i år sett fleire skispor etter folk som har kryssa jarnbanespora utanom dei merka overgangane.

— Vi har ikkje hatt noko oppteljing i år, men då vi talde for eit par år sidan fann vi omkring 40 plassar der folk hadde kryssa der det ikkje var tilrettelagt og trygt. Vi vil ikkje melde folk, men vi vil at folk ikkje skal bli ihelkøyrd, seier han.

Problemet med farleg kryssing av togspora er størst på strekninga Geilo-Finse, spesielt i områda med mykje hytter frå Geilo til Ustaose.

Fleire ulykker

Ein må tilbake til 1980-talet for å finne dødsulykker i samband med sporkryssingar i fjellet, men det har ikkje mangla på nestenulykker.

— For rundt ti år sidan kom eit av våre arbeidstog rundt ein sving ved Haugastøl, der to vaksne og to barn held på å krysse og gutungen hekta seg fast i sporet. Toget sette på bremsene med hadde ikkje sjanse til å stoppe. Dei var sikker på at dei hadde køyrd over guten, men når dei køyrde tilbake viste det seg at han hadde kome seg vekk frå sporet så seint at dei ikkje kunne sjå det frå førarhuset, seier han.

— Han fekk seg ein oppstrammar familiefaren, legg Hjertaas til.

Løysinga

— Men kvar skal folk kome seg over sporet då?

— Det finst tunneltak eller snøoverbygg du kan gå over, og så finst det nokre få overgangsbruer. Undergangar finst òg, men dei kan vere igjensnødd. Så finst det nokre planovergangar der det er lagt til rette for kryssing, som til dømes på Finse, seier Hjertaas.

Men sjølv når det er ein slik overgang i nærleiken er det mange som går over togspora andre stader.

— Det er spesielt når dei går ein fleire timar lang tur, så skal dei absolutt ta snarvegen over sporet, seier Hjertaas.

Ikkje stol på rutetabellen

Han seier toga ikkje kjem til å senke farta i påska, fordi dei må halde ruta. Det hjelp heller ikkje å sjekke rutetabellen, slik mange gjer, for å finne ut når det er utrygt for tog.

— Det finst forseinka tog, arbeidstog og godstog. Så ruteheftet er ikkje noko rettesnor å halde seg til, seier han.