— Eg bekymrar meg veldig for kva denne saka vil gjere for rekrutteringa, seier Øberg til BT.

I går hadde ho si fulle hyre med å svare på spørsmål frå media om administrerande direktør Jon Bolstads disposisjonar og utsegner frå tilsette som føler seg dårleg behandla av leiinga i helseføretaket.

- Ukultur

— Det er naturleg at det negative fokuset me har fått i det siste vil få følgjer for om folk vil ta jobbar her. Me må leggje ein strategi for å betre desse tilhøva, seier Øberg.

Ho vil ta problemstillinga opp med styret og administrasjonen.

Forbundsleiar Bente Slaatten i Norsk Sjukepleiarforbund trur hennar medlemmer vil tenkje seg om to gonger før dei søkjer jobb i Helse Førde.

— Det som har kome fram vitnar om ein ukultur i leiinga. Sjølvklart verkar slikt negativt, seier Slaatten.

Ho meiner Helse Førde-leiinga har all grunn til å vere bekymra.

— Ikkje berre når det gjeld nyrekrutteringa. Å halde på dei tilsette er like viktig. Folk vil vere stolte av arbeidsplassen sin, og dette bidreg jo ikkje til det, seier Slaatten.

Ekstraordinært styremøte

BT fortalde i går om sjukepleiar Toril Sørland. Ho vart oppringt av direktør Jon Bolstad og kjefta på etter at ho skreiv eit lesarbrev om behandlinga av slagpasientar i fylket. I helga skreiv Dagbladet om Bolstads innkjøp av rådyre designmøblar til kontoret og om at han tilsette eks-kollegaer i helseføretaket utan å lyse ut stillingane.

— Saka vil ingen ende ta. Det eine tek det andre, og det er stadig like stort trøkk frå media, sukkar styreleiar Clara Øberg.

Difor bestemde ho seg i går ettermiddag for å kalle inn til ekstraordinært styremøte. Eigentleg skulle ikkje styret samlast før 31. mars, men no må direktør Bolstad møte på teppet i allereie i morgon klokka 14.

— Eg bestemde meg på bakgrunn av storleiken som denne saka har fått. Det kjennest riktig at direktøren gjev ei samla orientering til heile styret, slik at me får den same kunnskapen om sakene som florerer, seier Øberg.

Ho presiserer at styret ikkje har mistillit til direktøren.

— Me er ikkje der no. No har me bedt om ein forklaring frå direktøren. Eg vil sende den vidare til Helse Vest, som er mine overordna, seier styreleiaren.

Helseminister Sylvia Brustad har kravd ein rapport frå Helse Vest om tilhøva innan ei veke.

— Det er eit sterkt signal når eg krev ein rapport så fort. Eg stoler på at Helse Vest er uhilda og gjev meg eit korrekt bilete av situasjonen, seier Brustad til Dagbladet.