– Dette er andre gongen vi går på trynet!

Byråd for byutvikling Lisbeth Iversen (KrF) er synleg forbanna. Det er 22. januar 2007, og bystyret har overraskande stemt ned byrådets høyringsuttale til planane om ein ny, stor forbrenningsomn i Rådalen.

Det viktigaste punktet, om at papir og plast ikkje skal brennast men kjeldesorterast og bli til nye material, er vraka. Av byrådspartia Høgre og KrF, saman med Ap, Frp og Senterpartiet.

Det same skjedde to år tidlegare, då byrådet ville ha inn i avfallsplanen at BIR (Bergensområdets Interkommunale Renovasjonsselskap) skulle hente plast heime hjå folk.

Matavfall rett i flammane

Miljøpartia Venstre, SV og RV saman med miljøvernorganisasjonane har kjempa mot bygginga av den nye omnen. Dei fryktar at BIR får større interesse av å kaste bosset i omnen og tene pengar på fjernvarme, enn å resirkulere avfallet til nye produkt.

– I mange år framover får vi no ein overkapasitet på forbrenning. Det betyr at BIR må ha x tonn inn i omnen sin, og då forsvinn insentivet til å kjeldesortere. Difor viser det seg at byar som har forbrenningsanlegg er dårlegare på kjeldesortering enn byar som ikkje har det, seier leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Ingar Flatlandsmo.

Han meiner BIR lenge har vist at dei ikkje er særleg interessert i å resirkulere bosset til nye produkt.

– Eit godt døme er Kvam. Dei hadde kjeldesortering til BIR tok over for nokre år sidan. Dei la ned innsamlinga av matavfall i Kvam, seier han.

– Kvar hamna maten då?

– Han hamna i forbrenningsanlegget i Rådalen.

– Vil ta makta tilbake

Byråd Lisbeth Iversen har ikkje gløymd nederlaget i januar.

– Eg er tydeleg på at eg meiner fjernvarme er positivt, men eg er ikkje på det sporet at vi bør kaste meir og meir boss for å få fjernvarme overalt. Eg er redd at det nye forbrenningsanlegget skal bli ei sovepute, seier ho.

I januar skreiv gruppeleiarane i Venstre, SV og RV eit lesarinnlegg i BT, der dei skulda bystyret for å ha blitt kuppa av noverande og tidlegare styrerepresentantar i BIR.

Iversen går langt i å seie det same – at BIR har for mykje makt over avfallspolitikken i Bergen.

– Eg får lyst til å tenkje høgt etter dette valet om organiseringa av avfallsforvaltninga vår. Det å ha bystyrerepresentantar i styret trur eg på, men det må ikkje bli slik at ein stor by som eig 80 prosent av selskapet skal lide nederlag når den står framfor eit vegval, seier ho.

Ho varslar no at dette vil bli ei av problemstillingane i klima— og energihandlingsplanen, som ho planlegg å arbeide fram etter valet. Om ho då sit i byrådet framleis.

Meir varme til Bergen

Arbeidet med den nye omnen i Rådalen byrjar tidleg neste år. Når han står ferdig i 2010 vil BIR kunne brenne meir enn dobbelt så mykje boss som i dag, 240.000 tonn i året.

Med full drift vil dei to omnane i Rådalen sleppe ut rundt 60.000 tonn CO2, like mykje som 30.000 personbilar.

Omnane skal brukast til å varme opp vatn, som blir sendt i røyr til Kokstad og vidare nedover til Bergen sentrum. Dette fjernvarmeanlegget har det siste året blitt strekt langt inn i Bergen sentrum.

Den nye omnen er ein føresetnad for utvidinga av fjernvarmeanlegget, skriv BIR sjølve i konsesjonssøknaden.

– Resirkulering er ikkje nok

Informasjonssjef Kjersti Kildahl i BIR vedgår at kjeldesortering er meir miljøvenleg enn forbrenning. Ho trur likevel ikkje at det blir mindre resirkulering fordi dei no doblar forbrenningskapasiteten.

– Nei, det viktigaste motivet for utvidinga er at alle som har deponi må stenge i 2009. Så frå 2009 blir det veldig mykje avfall regionalt som treng behandling. Så det er ikkje slik at ein kan sortere seg vekk frå behovet for å utvide kapasiteten i forbrenningsanlegget, seier ho.

I konsesjonssøknaden for den nye omnen nemner ikkje BIR materialgjenvinning som alternativ til forbrenning. I miljørekneskapen er alternativet forbrenning ved anlegg på Austlandet eller i Sverige. Og når alternativet er trailerkolonnar med boss over fjellet, er sjølvsagt forbrenning i Bergen meir miljøvenleg.

Dessutan, påpeikar Kildahl, ligg det ein stor miljøvinst i forbrenning óg: Det erstattar deponi, der den langt farlegare klimagassen metan siv ut når bosset rotnar. Dessutan er det ein miljøvinst når fjernvarme erstattar oljefyring.

Plastinnsamling

Kildahl peikar óg på at BIR no gjer noko for å auke materialgjenvinninga. Frå neste sommar vil BIR hente plast heime hjå folk, slik dei i dag hentar papir.

– Då føler eg vi er på rett veg, seier ho.

Plasten skal dei sende til ein ny mottakar i Sverige, som vil resirkulere tre firedelar av plasten, ifølgje Kildahl.

Ho seier dei óg vurderar å skilje ut matavfall, men at det må utgreiast først.

– Så langt har vi laga ei prosjektskisse for eit biogassanlegg som skal behandle slam og matavfall frå store leverandørar. Det er ikkje utenkjeleg å utvide bruken av dette til matavfall frå hushaldningane, viss det er ønskjeleg, seier ho.

Du er syndaren

Det beste for miljøet hadde sjølvsagt vore at vi produserte mindre boss. Men utviklinga går i motsett retning: Sidan byrjinga av 1990-talet har nordmenn dobla mengda boss dei kastar. I fjor kasta norske hushaldningar nærmare to milliardar tonn boss, 414 kilo per innbyggjar.

Forskarane i Statistisk sentralbyrå ventar at veksten vil halde fram i same tempo.

BIR (ILL)