Ironisk nok: Det same ekstra tilskotet som redda Leirvik barnehage frå å bli nedlagd tidlegare i år, kan no føre til at barnehagen blir stengd.

— Borti natta, seier ordførar Harry Mowatt i Hyllestad til BT.

For kommunen i Sogn betyr tilskotet 180.000 ekstra kroner for andre halvår i år. Kommunepolitikarane var kjende med at tilskotet skulle kome, då dei laga budsjettet for 2003 før jul.

I staden for å redusere foreldrebetalinga, vedtok kommunestyret å bruke totalt 160.000 av desse kronene på å berge barnehagen i Leirvik, som var føreslått nedlagt.

Vil kjempe mot nedlegging

No trugar barne- og familieminister Laila Dåvøy med å trekkje tilbake tilskotet til kommunar, som ikkje brukar pengane til å senke barnehageprisane.

Viser det seg å vere juridisk grunnlag for Dåvøys planar, brenn det igjen eit blått lys for barnehagen i Leirvik. Kommunen har ikkje råd til å drive tre barnehagar, og samtidig senke prisane.

— Men Hyllestad kommunestyre vil kjempe til døden for å hindre at det skjer, seier Mowatt til BT.

— Vi er stolte av dei gode barnehagane våre. Vi har ein desentralisert struktur, og tankegangen er at dei som deler dei same godene, må dele dei same byrdene.

- Gimmick av Dåvøy

Dersom den eine barnehagen må stengje, inneber det at foreldre må køyre inntil fire mil ekstra kvar dag for å levere ungane sine i barnehagen. Det er dei ikkje tende med, verken økonomisk eller tidsmessig, meiner Mowatt:

— Redusert foreldrebetaling vil føre til dårlegare drift og eit dårlegare tilbod til foreldra. Det blir heilt borti natta når statsråden og andre sentrale politikarar prøver å dirigere oss ned i detaljane på denne måten, seier han oppgitt.

Ikkje minst er han irritert over at statsråden omtalar det ekstra tilskotet som «nye» pengar.

— Dette er ikkje «nye» pengar. Vi har visst om at dei kom sidan desember i fjor, og dermed budsjettert med dei. Dette er ein gimmick av Dåvøy. Ho prøver å hauste politisk vinst på dei same pengane to gonger, hevdar han.

- Uheldig

Professor i offentleg rett, Jan Frithjof Bernt ved Universitetet i Bergen, meiner at statsråden truleg kan stanse utbetaling til kommunar, som trekkjer ut sitt eige tilskot.

— Det kjem an på tolkinga av stortingsvedtaket. Men dette problemet viser kor uheldig systemet med øyremerking av midlar til kommunane verkar, seier Bernt til Aftenposten.