TERJE ULVEDAL

Det er signal frå leiinga i Helse Førde og Helse Vest siste tida som gjer at gruppeleiarane i Høgre, Venstre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti ber helseministeren setje bremseklossane på. Mellom anna viser dei fire partia til at Helse Vest-direktør Herlof Nilssen i eit intervju med Sogn Avis, har gitt uttrykk for at det kan bli aktuelt å styre fødande i Indre Sogn til sjukehusa i Førde og på Voss. Dette tek dei fire borgarlege partia som ein indikasjon på at dersom helsevesenet på Vestlandet ikkje greier å stable på beina eit godt nok tilbod i Lærdal, kan heile fødeavdelinga bli avvikla i staden for at arbeidet med omstilling til fødestove blir stoppa.

I ei pressemelding minner gruppeleiarane i dei fire partia om dei sterke vilkåra som blei sett for at omstillingane i sjukehusvesenet i Sogn og Fjordane blei godkjende av statsråden. Mellom anna kravde helseminister Dagfinn Høybråten at det ved omlegging til fødestove skal vere legar på vakt som har kompetanse til å utføre keisarsnitt. Dessutan at omlegginga ikkje aukar belastninga på kommunehelsetenesta.

— Ved manglande dokumentasjon av vilkåra skal arbeidet med å omorganisere fødetilbodet i Indre Sogn stillast i bero, understrekar dei fire partia.

Som meldt i gårsdagens Bergens Tidende har det berre meldt seg ein søkjar til dei ledige jordmor-stillingane ved avdelinga. Åtte jordmødrer sa i sommar opp. Grunnen er at dei meiner opplegget for ei fødestove i Lærdal ikkje er fagleg forsvarleg. Sjukehusleiinga i Lærdal arbeider no mot vikarbyrå, for å få til ei løysing slik at fødeavdelinga kan drivast vidare. Planen er at fødeavdelinga skal gjerast om til forsterka fødestove frå årsskiftet.