Mannen blei meldt sakna ved 14-tida søndag. Ved 22-tida blei leitinga innstilt. Tidleg mandag morgon blir søk starta igjen.

Politiet trur at mannen har gått ut på ein utsiktsplass ved Laukhamar, heilt sør på Skorpo, tidleg søndag morgon. I sjøen rett utanfor er mannen sin mobiltelefon funnen. Det er over 20 meter rett i havet frå utsiktspunktet.

Søndag ettermiddag leitte eit helikopter og froskemenn frå Bergen Brannvesen etter 30-åringen. I tillegg var mannskap frå det lokale hjelpekorpset og frivillige, i alt rundt 30 personar, ute med båtar.

— Det er uklart kva som er skjedd, men vi fryktar at mannen ved eit uhell har falle utfor skrenten og drukna, seier lensmannsførstebetjent Jarle Matre ved Tysnes lensmannskontor. Det er sterk straum i sjøen i området.

Mannen er frå Stord og var på besøk hos familie på Skorpo. Han skal gått på tur åleine til utsiktsplassen. Ingen vitne har sett mannen falle i sjøen.