— Folk er redde for at heile selskapet skal gå gå nedenom. Det vil vere alvorleg. Mange folk frå Selje arbeider for selskapet, seier Oskar Sande.

Vi møter den tidlegare fiskaren i gang med utbetringsarbeid i båtstøa på Stadlandet. Aksjonen mot det største linefiskereiarlaget i landet er utan tvil det store samtaleemnet i kommunen dagen etter at politiet slo til. Mange føler med frontfigurane som er pågripne. Meldinga frå Oskar Sande er klar:

- Driv klappjakt

— Styremaktene driv klappjakt på folk. Det som har skjedd er rett og slett forferdeleg. Eg kjenner karane. Dei er dyktige fiskarar.

— Så du trur ikkje noko på skuldingane som blir sette fram mot dei?

— Alle som har vore fiskarar veit at det er uråd å følgje alle reglar til punkt og prikke på sjøen. Eg las i avisene at politiet har 25 mann her som tek del i denne aksjonen. Eg syns det er heilt latterleg.

Nokre kilometer aust om støa til Sande ligg Ervik-anlegget på Otneim. Tre politifolk er i sving. Fiskekassar blir bore ut i ein bil. I døra får vi beskjed om at her har vi ikkje tilgang. Tenestemennene viser oss til leiinga for aksjonen ved lensmannskontoret i Måløy. Men stadfestar at dei har tatt beslag. Ved kaia ligg Frøyanes Junior, ein av båtane i den 16 fartøys store Ervik-flåten. Ingen er om bord. Også ved hovudkontoret til selskapet i den vesle bygda Ervik er det full aktivitet. Politifolk svirrar rundt i gangane.

Nesten folketomt

Vinden kjem kald inn frå havet og feiar over det berømte kapellet ved havkanten i Ervik. Bygda, der leiarane i havfiskeselskapet bur, verkar nesten folketom. Berre nokre ungar er ute og likar. Og så ei eldre dame, ute på ettermiddagstur.

— Eg syns det er fælt, seier ho. Men vil elles ikkje snakke om det.

Då er det lettare å få drøsen til å gå på Café Nabben. Ein gjeng ungdommar slår i hel nokre timar på utestaden i Selje sentrum.

— Det kom vel ikkje akkurat som noko bombe. Bygdesladderen har jo gått ein del om dette selskapet, er den samstemte meldinga. Ingen av kafégjestene vil stå fram med namn, eller vere med på bilde:

— Det er ei lita bygd dette. Alle kjenner alle.

Eit par av gjengen på kaféen viser seg å ha jobba på Ervik-båtane. Dei kjenner ikkje til noko ureglementert. Men kva som skjer på kontora rundt omkring, kan dei sjølvsagt ikkje seie noko om.

— Eg trur dette må dreie seg om to russarbåtar, meiner den eine. Russarbåtane er to fartøy Ervik Havfiske kjøpte for nokre år sidan. Det er linebåtar med russisk mannskap og norske offiserar. Fartøya fiskar i Barentshavet, og leverer på Finnmarkskysten.

— Dei opplysningane som har komme ut, kan stemme med desse båtane, meiner fiskarane.

Fryktar kva som vil skje

Også på Café Nabben fryktar dei kva som vil skje med selskapet. Berre på landsida jobbar rundt 20 seljeværingar i Ervik Havfiske. I tillegg kjem mannskap på båtane. Rett nok har det blitt færre norske etter at fleire utlendingar har blitt hyra inn siste åra. Men offiserane er norske, og framleis tener ein del menige fiskarar til levebrødet på havet med Ervik-båtane.

— Dersom det no blir ei langvarig etterforsking, klart heile selskapet kan gå på ræv, seier ein av kafégjestene. Og alle er einige om at det vil vere alvorleg, dersom reiarlaget går i oppløysing.

KLAPPJAKT: - Det som er skjedd er forferdeleg. At 25 mann tek del i ein slik aksjon er nesten latterleg, meiner Oskar Sande. FOTO: ØRJAN TORHEIM