• Eg skjøna ikkje kvifor vi kjørte så fort nedover, seier Espen Haug, som frykta at flyet måtte naudlande.

Det var ikkje noko panikk, men ungar byrja å gråte då gassmaskene datt ut og Norwegian-flyet plutseleg byrja å stupe 14.000 fot.

— Eg var inne på tanken om at vi måtte naudlande, ja, seier Haug.

Med mobiltelefonen tok han bilete av den noko i overkant dramatiske flyturen.

Haug seier dei ikkje fekk vite kva som skjedde før etter flyet hadde stupt nær ei halv mil og flata ut.

— Kapteinen sa plutseleg «Cabine personell prepare for emergency procedure». Eg tenkte - høyrde eg rett? Så fall trykkmaskene ned, og alle prøvde å få dei på. Nokon berre held dei mot ansiktet med hendene, seier han.

Først når flyet flata ut fortalde kapteinen at trykket hadde falt i kabinen, og at dei måtte returnere til Gardermoen.

ESPEN HAUG (MMS)
DRAMATISK: Espen Haug og farenKjell Haug fekk ein dramatisk flyturpå veg til julefeiring i Bergen.MMS-FOTO: ESPEN HAUG