- Ho sat ofte i ein stol og sov fordi ho ikkje torde å leggje seg.

Elisabeth Manum viser fram eit bilete av mora Karen frå Bergen Røde Kors sjukeheim.

Familien er svært kritisk til behandlinga Karen Manum fekk etter ho vart lagt inn på sjukeheimen i august i fjor.

Mellom anna torde ikkje ho å sove i senga om natta, fordi pleiarane hadde problem med å operere pustemaskina Manum var avhengig av.

Hugselappar på pustemaskin

Fram til august hadde ektemannen pleia henne, men han strekte ikkje lenger til. Familien var difor glad for at ho no skulle få skikkeleg hjelp. Men slik gjekk det ikkje.

- Det vart rett og slett ei forferdeleg oppleving, seier dottera, Elisabeth Manum.

Det viste seg raskt at personellet på sjukeheimen ikkje klarte å operere pustemaskina, som Manum hadde fått med seg frå hjelpemiddelsentralen.

Dottera, Elisabeth, prøvde å hjelpe personellet ved å setje opp lappar på maskina, for kva som måtte gjerast. Ifølgje henne og faren hjelpte ikkje det.

- Snakka ikkje norsk

Karen Manum var berre 63 år gammal då ho vart lagt inn på sjukeheimen, og var sterkt prega av angst på grunn av den alvorlege sjukdommen.

På sjukeheimen var angstproblema, ifølgje familien, forsterka av at mange av pleiarane ikkje kunne norsk, og dermed ikkje kunne kommunisere med pasienten.

- Eg vil påstå at åtte av ti av dei eg var i kontakt med ikkje snakka godt nok norsk til å formidle livsviktig informasjon, seier Elisabeth Manum.

- Eg påpeikte det fleire gonger, men fekk berre eit banalt svar om at viss det ikkje hadde vore for utlendingane hadde ikkje sjukehus-Norge gått rundt, seier Karen Manums ektemann, Alf.

Han seier problemet med pleiarar som ikkje snakka norsk var verst om natta, då få var på jobb.

Dei meiner dette ikkje berre var uhaldbart for pasientane, men at fleire av pleiarane òg var fortvilte fordi dei heile tida vart sett inn i situasjonar dei ikkje hadde nokon føresetnad for å løyse.

Måtte ta jobben sjølv

Familien er òg kritisk til at pleiarane ikkje hadde tid til å setje seg ned og prate med Karen Manum. Ifølgje dottera vart ho sitjande åleine på rommet sitt store delar av dagen.

Difor følte ho og faren seg nøydde til å stille opp.

- Far min måtte gå dit fleire gonger for dagen for å hjelpe til med ting dei ikkje fekk til. Kvar gong vi gjekk gret ho, og bad oss om ikkje å gå, seier Elisabeth Manum.

I oktober hadde dei pårørande eit møte med leiinga på avdelinga.

- Dei lova betring. Dei skulle bli meir observant med å sende norsktalande, men det vart aldri følgt opp, seier Manum.

I desember døydde Karen Manum på sjukeheimen. Familien trudde ho skulle få hjelp, men sit no att med dårleg samvit og skuldkjensle.

- Det siste mor sa til meg var «Du må hjelpe meg!» Vi følte at vi ikkje gjorde det. Vi plasserte henne i ein forferdeleg posisjon, seier dottera Elisabeth.

Alf Manum seier dei valde Røde Kors fordi det er rekna for å vere den beste sjukeheimen i Bergen.

— Er dette den beste, lurer eg på korleis det er på dei andre, seier han.