— Sjølve endringa skremmer ikkje vitet av nokon, men det faktum at Statnett finpussar på dette alternativet, gir alvorleg grunn til uro, seier Jon Sandven.

Han har teke det for gitt at den nye kraftlina mellom Sima og Samnanger skal fylja alternativet gjennom Hamlagøtraktene, langt nord for Kvamskogen.

— For kvar person som får kraftlina i glaninga i fjelltraktene sør for Hamlagrø, vil det vera 5000 som ferdast under høgspentlinene på tur til Mødal, argumenterer Sandven.

No har Statnett lagt fram ei justering av eit av alternativa, som flytter lina vel ein halv kilometer lengre unna dei fleste hyttene på «Skogen», samstundes som dei vil flytta eksisterande liner etter, til same traséen.

— Dette er teikn på at det nettopp er Kvamskogen, det mest nytta fritidsområdet på Vestlandet, som vert belasta med denne kraftlina også, seier Sandven.

Han ser for seg at lina vil gå etter dette alternativet heile vegen frå Sima til Samnanger bortsett frå 1.5 over Fykesund, og den vesle endringa ved Mødal på Kvamskogen.

Han har ikkje tru på løysinga med kabel i fjorden og luftspenn over Kvamskogen.

Statnett har lagt opp til at den nye 420 kV lina skulle fylja eksisterande 132 kV-line frå kryssinga av Tokagjelet til transformatorstasjonen i Samnanger.

Også etter det nye framlegget skal desse to linene fyljast åt, men no med ein ekstra vinkel ved Mødal. Dermed blir både dagens vesle kraftline og den framtidige giganten flytta ein halv kilometer lengre unna hyttekonsentrasjonane, og tilsvarande nærare «Negerlandsbyen».

I same slengen vil Statnett flytta eksisterande 300 kV-line mellom Mauranger og Samnanger til same traséen som dei to andre på siste strekket frå Mødal til Samnanger. Sidan det er aktuelt å oppgradera Maurangerlina frå 300 til 420 kV, vil ho få same dimensjonar som Sima-lina på den nye strekninga.

Dermed vil tre kraftliner, ei lita og to store, gå side om side i ei 106 meter brei gate over Kvamskogen, men sør for hyttekonsentrasjonane.