— Dette har vi høyrt før, om att og om att i 30 år, forkynte pendlarveteran Kjell Fuglehaug.

Saman med pendlarane Åsta Birkeland og Ingrid Helleve møtte han opp på perrongen då Stortingets Transport- og Kommunikasjonskomite steig av toget på Voss stasjon i dag.

Vonde ryggar

Pendlarane klagar over bråkete og skranglete lokaltog, harde, uregulerbare sete og vonde ryggar.

Dei er fortalt at dagens togsett på Vossebanen, også dei to med regulerbare sete, skal skiftast ut, og erstattast av overhalte togsett frå 1975.

Døve øyre

Det nytta ikkje for Ingulstad å nå fram med bodskapen sin; at NSB ikkje har konkludert med val av framtidig togtype, men har utelukka overhalte sett frå 1975, no med typenamn BM 69CII, etter prøvekøyring.

NSB-direktøren vann lettare gehør hjå stortingsrepresentantane om bord i toget undervegs til Voss.

_**Les også:

Må slita lenge med gamle tog**_

Høgt støynivå

I rapporten er konklusjonen at det ikkje er tilrådeleg å gå vidare med BM 69CII, først og fremst på grunn av innvendig støynivå. Typen er betre eigna på Austlandet (jamnare skjenegang) enn på Vossebanen.

Rapporten Ingulstad la fram, slår også fast at dagens materiell ikkje er godt nok.

Nye tog for lange

Dei nyaste lokaltogsetta som er i drift på Austlandet og i Stavanger-området er om sider ferdig med barnesjukdommane, og kunne høva på Vossebanen, bortsett frå ein faktor: Dei er for lange. Vedlikehaldsverkstaden i Bergen er for liten, og 16 plattformer på stasjonar og haldeplassar må byggjast om.

Utviding av verkstaden i Bergen representerer ein stor tilleggskostnad, men det kan bli enda dyrare å køyra toga til Oslo for vedlikehald stadig vekk.