Direktoratet for Naturforvaltning vil at det tradisjonsrike fisket med kilenøter etter laks i sjø og fjordstrøk ikkje skal opnast før i midten av juli i år. Avgjerda har fått sjølaksefiskarane på barrikadane.

— Konsekvensen av å opne fisket så seint, er i praksis å innføre full stopp. Det blir lite interessant å setje nøtene i sjøen, fordi storparten av villaksen då har vandra opp i elvane, meiner nestleiar Kåre Sæle i Noregs Grunneigar- og Sjølaksefiskarlag.

Seinare enn før

Godt over 100 grunneigarar driv framleis det tradisjonsrike fisket etter laks med kilenøter i sjø- og fjordområde i dei to fylka. Dei siste åra har dette fisket, som i tidlegare tider var sjølve berebjelken for mange gardsbruk, blitt stadig sterkare regulert.

I fjor blei sjølaksefisket opna 1. juli. Til sommaren vil Direktoratet vente til 10. juli i Sogn og Fjordane og 15. juli i Hordaland. Sluttdato er sett til 4. august.

I tre veker kan nøtene med andre ord stå i sjøen. Den korte fiskeperioden har skapt stor frustrasjon mellom sjøfiskarar som føler dei blir gjort til syndebukkar for den alvorlege tilstanden i fleire lakseelvar.

Betre for villaksen

Fiskarane meiner notfisket har liten innverknad på den alvorlege situasjonen for mange lakseelvar i dei to fylka. Granskingar frå Hordaland i fjor viser at mellom 60 og 70 prosent av laksen som går i nøtene, er rømd oppdrettslaks. Ytterlegare avgrensingar i sjølaksefisket vil føre til at rømd oppdrettsfisk i endå større grad får gå i fred i fjordsystema.

— Ved å opne for meir sjøfiske, vil vi få meir oppdrettsfisk ut av sjøen, seier Sæle.

Noregs Grunneigar- og Sjølaksefiskarlag viser også til undersøkingar som viser at mykje av villaksen som blir fanga under sjølaksefisket, ikkje er på vandring mot vassdrag i Hordaland og Sogn og Fjordane.

— Vi kan ikkje sjå at vårt fiske er til skade for truga vassdrag i dei to fylka, seier Sæle.

Vil møte Brende

Sjølaksefiskarane klagar no på reguleringane som Direktoratet for Naturforvaltning har vedteke, og har samstundes bedt om eit møte med miljøvernminister Børge Brende.

— Vi gjer dette fordi vi no føler trong for å leggje fram vårt syn på situasjonen for villaksen i dei to fylka, forklarar Kåre Sæle.

Så langt har sjølaksefiskarane ikkje fått noko tilbakemelding frå departementet.