Representantar for ei rekke av kampsportane har vanskeleg for å tru at utøvarar av deira idrett har spesielt stor sjanse for å utvikle valdeleg og antisosial åtferd. Dei meiner det er tvert imot; at kampsporten gjer barna meir disiplinerte, høflege og konsentrerte. Også foreldre av barn som driv kampsport har reagert sterkt.

Tvert imot

— Eg har ikkje noko forståing for denne rapporten, sjølv om den sikkert held mål fagleg, seier styreleiar Odd Magne Rød i Kampsport Region Vest, som er paraplyorganisasjon for dei orientalske kampsportorganisasjonane på Vestlandet. - Men desse problemstillingane kjem miljøet til å ha konstant fokus på.

Sjølv har Rød sin bakgrunn frå karate.

— Vi innprentar alle utøvarar med at dette berre handlar om trening og konkurranse, seier Rød.

— Har de hatt episodar der folk har misbrukt det dei har lært?

— Nei, ikkje direkte. Tvert imot får vi gode tilbakemeldingar frå lærarar og foreldre om at barna blir meir disiplinerte og høflege, seier Rød.

Heller ikkje leiar Espen Lund i Norges Kickbokseforbund kjenner seg igjen i rapporten.

— Vi merkar snarare at folk blir meir harmoniske og endrar åtferd i positiv lei gjennom kampidretten. Sjølv om vi manglar tal som dokumenterer det, har vi ingen som helst tilbakemeldingar som seier at dei yngste blant våre utøvarar blir valdelege, seier Lund.

Misbruk har skjedd

Barn frå 13 år og oppover kan delta i kampar i regi av kickbokseforbundet.

— Dei lærar seg mykje om kva krefter eit menneske har, og får auka respekt for seg sjølv og andre. Dette disiplinerte miljøet gjeld alle kampidrettar, trur Lund. - Vi merkar det motsette av kva denne rapporten hevdar.

Likevel kan ikkje Lund nekte for at det finst utøvarar av nettopp kickboksing som har misbrukt sporten utanfor treningslokala.

— Det har skjedd, men veldig sjeldan. Vi ser ikkje noko utvikling som gjev grunn til uro, seier han.

Taekwondo er blant dei orientalske kampsportane som kjem relativt godt ut i rapporten frå Universitetet i Bergen.

— Vi som driv taekwondo kjenner oss ikkje særleg ramma av denne rapporten, sjølv om eg synest det er fint at debatten blir reist, seier landslagstrenar Mikael Jørgensen frå Bergen Nord Taekwondo.