• DYREELSKAR: Leiar i Dyrebeskyttelsen avdeling Bergen og Hordaland, Inger Johanne Graff, har éin hund og ni kattar heime. Fire av dei er hennar eigne, medan dei fem andre ventar på ein ny heim. Kanskje er det din?

    FOTO: Ørjan Deisz

  • DYREELSKAR: Leiar i Dyrebeskyttelsen avdeling Bergen og Hordaland, Inger Johanne Graff, har éin hund og ni kattar heime. Fire av dei er hennar eigne, medan dei fem andre ventar på ein ny heim. Kanskje er det din?

    FOTO: ØRJAN DEISZ

  • DYREELSKAR: Leiar i Dyrebeskyttelsen avdeling Bergen og Hordaland, Inger Johanne Graff, har éin hund og ni kattar heime. Fire av dei er hennar eigne, medan dei fem andre ventar på ein ny heim. Kanskje er det din?

    FOTO: Ørjan Deisz

  • DYREELSKAR: Leiar i Dyrebeskyttelsen avdeling Bergen og Hordaland, Inger Johanne Graff, har éin hund og ni kattar heime. Fire av dei er hennar eigne, medan dei fem andre ventar på ein ny heim. Kanskje er det din?

    FOTO: Ørjan Deisz

Fru Dyregod

Hyperallergiske Inger Johanne Graff opnar heimen for heimlause dyr.  

Les også:

  • I denne artikkelserien set BT søkjelys på dei som ofrar seg for andre. Kjenner du nokon vi bør omtale? Tips oss på nyhetsweb@bt.no.

Tjukkaberto. Småbein. Texacodronninga. Minien. Langamann. Cæsar. Puplo. Figaro. Monkey.

Ni kattar bur hjå Inger Johanne Graff. Fire er hennar eigne. Resten ventar på ein ny heim.

Lokallagsleiaren for Dyrebeskyttelsen i Bergen og Hordaland nyttar all si tid på omsorg for dyr.

- Kattar forlangar ingenting, ein kan laga ein ball av eit matpapir og dei kosar seg. Dei treng berre kjærleik, seier Inger Johanne.

- Det er så mange som treng hjelp

Fru Dyregod bur i eit kvitt trehus på toppen av ein knaus på Tertnes. I horisonten speglar Askøy seg i Byfjorden.

På kjøkkenet ser katten Puplo bedande på småkakefatet. Ein sms tikkar inn på mobiltelefonen.

"Jeg har funnet to kattunger i Hetlebakken. Håper dere kan hjelpe".

- Det er så mange som treng hjelp der ute. Kattar kan ein få slengt etter seg, for mange har dei ingen verdi. Du betalar for ein berepose i butikken, men ikkje for ein katt. Det er tøft og tungt å gjera dette, men det er verdt det når du ser takksemda i augo deira, og du veit dei får koma til ein god heim.

- Dette er ei hjartesak

Dokker var aldri greia til Inger Johanne. Ho har interessert seg for dyr sidan ho var pittelita.

- Besteforeldra mine hadde to kattar, Bonny og Bolla. Dei køyrde eg rundt i dokkevogna. Men det var fyrst då eg byrja å engasjera meg som frivillig at eg såg dei enorme kontrastane og ville hjelpa endå meir, seier Inger Johanne.

Som utdanna bioingeniør og med lang fartstid i helsevesenet i Bergen, jobbar ho no som frivillig på heiltid.

- Kor lenge vil du halda på?

- Dette er ei hjartesak som eg brenn for. Og så lenge helsa held, vil eg alltid kjempa for dei heimlause dyra, seier Inger Johanne.

Overalt fins dei, trengjande og svoltne.

Den vesle kattungen som ingen ville ha, eller hunden som tuslar forvirra og einsam rundt i sentrum. Piggsvinet som berre treng eit tak over hovudet, eller katten som sit fast i eit røyr i ein tom lagerbygning.

- Ofte tenkjer eg, er det mogleg dette her? Er det faktisk tilfelle? Nokre syn er heilt spesielle, seier Inger Johanne, som ynskjer at fleire var flinkare til å kastrera og merka dyra sine.

- Mange lidingar kunne vore unngått då, seier ho.

Fit for fight

Berre i dag er over hundre kattar stasjonert på fosterheimar i Hordaland.

Nærast når som helst på døgeret er dei frivillige "fit for fight".

- Førre julaftan var det to små nøsteballar som skulle finnast, og i timesvis leita me etter dei. Klokka halv åtte ringde mannen min og sa at gjestene var komne og kålrabistappa var ferdig, så ja, då tenkte eg at no måtte eg koma meg heim. Heldigvis vart dei funne neste dag, seier Inger Johanne og smiler Perlerada skin om kapp med den knallrosa leppestiften.

- Korleis får du tid til alt dette?

- For meg er det ei prioriteringssak og eit val eg har teke i livet. Å hjelpa desse dyra betyr utruleg mykje for meg, og mannen og borna mine er heilt unike på måten dei støttar meg på.

Ho stoppar opp og tenkjer, før ho er klår i sin tale og seier:

- Arbeidet gjev meg mykje glede og er mitt kall i livet. Men eg treng ikkje noko stjerne over hovudet, eg vil gjera det eg gjer, og ferdig med det!

Inger Johanne snufsar litt og rettar blikket mot døra.

- Å, guri. No må eg ha meg luft. Eg er hyperallergisk!

Les også

Siste fra Lokalt

-Vurderte å trekke Tooji fra finalen

Nrk-team avkledd og forhørt.

Satt i varetekt og mistet jobben
etter falsk anklage om voldtekt

Nå er kvinnen dømt. - Dommen gjør litt opp for det jeg har vært gjennom.

Gasslekkasje på plattform

Mannskap sendt til livbåtene.

Visste du at ...

... Dyrebeskyttelsen Norge sidan 1859 har jobba for at dyr skal verta behandla med respekt og medkjensle?

... ein katt kan få heile 49 km/t i toppfart på korte distansar?

... ulven sin utvikling til hund starta for om lag 60.000 -135.000 år sidan, og at hunden truleg var det fyrste dyret som vart tilpassa eit menneskeskapt miljø, og det for minst 15.000 år sidan?

... piggsvinet er ein insektetar, og tar hovudsakleg større virvellause dyr som store biller, larver, sniglar og meitemark?

  • Om lag 25 personar jobbar frivillig for Dyrebeskyttelsen i Hordaland
     
  • Alt arbeid er finansiert gjennom gåver, fjernadopsjon eller medlemskap
     
  • Organisasjonen tek hand om alle slags dyr, frå bortkomne papegøyar til piggsvin, hundar og kattar
     
  • Når dyra vert funne går dei gjennom full helsesjekk og eigar vert etterlyst
     
  • Om eigar ikkje melder seg, vert dyra mellombels plassert hjå frivillige i fosterheimar. Der vert dei verande til dei eventuelt får ein ny og varig heim

Relaterte bilder

FOTO: ØRJAN DEISZ

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger