• I denne artikkelserien set BT søkjelys på dei som ofrar seg for andre. Kjenner du nokon vi bør omtale? Tips oss på nyhetsweb@bt.no. Tjukkaberto. Småbein. Texacodronninga. Minien. Langamann. Cæsar. Puplo. Figaro. Monkey.

Ni kattar bur hjå Inger Johanne Graff. Fire er hennar eigne. Resten ventar på ein ny heim.

Lokallagsleiaren for Dyrebeskyttelsen i Bergen og Hordaland nyttar all si tid på omsorg for dyr.

— Kattar forlangar ingenting, ein kan laga ein ball av eit matpapir og dei kosar seg. Dei treng berre kjærleik, seier Inger Johanne.

- Det er så mange som treng hjelp

Fru Dyregod bur i eit kvitt trehus på toppen av ein knaus på Tertnes. I horisonten speglar Askøy seg i Byfjorden.

På kjøkkenet ser katten Puplo bedande på småkakefatet. Ein sms tikkar inn på mobiltelefonen.

"Jeg har funnet to kattunger i Hetlebakken. Håper dere kan hjelpe".

— Det er så mange som treng hjelp der ute. Kattar kan ein få slengt etter seg, for mange har dei ingen verdi. Du betalar for ein berepose i butikken, men ikkje for ein katt. Det er tøft og tungt å gjera dette, men det er verdt det når du ser takksemda i augo deira, og du veit dei får koma til ein god heim.

- Dette er ei hjartesak

Dokker var aldri greia til Inger Johanne. Ho har interessert seg for dyr sidan ho var pittelita.

— Besteforeldra mine hadde to kattar, Bonny og Bolla. Dei køyrde eg rundt i dokkevogna. Men det var fyrst då eg byrja å engasjera meg som frivillig at eg såg dei enorme kontrastane og ville hjelpa endå meir, seier Inger Johanne.

Som utdanna bioingeniør og med lang fartstid i helsevesenet i Bergen, jobbar ho no som frivillig på heiltid.

- Kor lenge vil du halda på?

— Dette er ei hjartesak som eg brenn for. Og så lenge helsa held, vil eg alltid kjempa for dei heimlause dyra, seier Inger Johanne.

Overalt fins dei, trengjande og svoltne.

Den vesle kattungen som ingen ville ha, eller hunden som tuslar forvirra og einsam rundt i sentrum. Piggsvinet som berre treng eit tak over hovudet, eller katten som sit fast i eit røyr i ein tom lagerbygning.

— Ofte tenkjer eg, er det mogleg dette her? Er det faktisk tilfelle? Nokre syn er heilt spesielle, seier Inger Johanne, som ynskjer at fleire var flinkare til å kastrera og merka dyra sine.

— Mange lidingar kunne vore unngått då, seier ho.

Fit for fight

Berre i dag er over hundre kattar stasjonert på fosterheimar i Hordaland.

Nærast når som helst på døgeret er dei frivillige "fit for fight".

— Førre julaftan var det to små nøsteballar som skulle finnast, og i timesvis leita me etter dei. Klokka halv åtte ringde mannen min og sa at gjestene var komne og kålrabistappa var ferdig, så ja, då tenkte eg at no måtte eg koma meg heim. Heldigvis vart dei funne neste dag, seier Inger Johanne og smiler Perlerada skin om kapp med den knallrosa leppestiften.

- Korleis får du tid til alt dette?

— For meg er det ei prioriteringssak og eit val eg har teke i livet. Å hjelpa desse dyra betyr utruleg mykje for meg, og mannen og borna mine er heilt unike på måten dei støttar meg på.

Ho stoppar opp og tenkjer, før ho er klår i sin tale og seier:

— Arbeidet gjev meg mykje glede og er mitt kall i livet. Men eg treng ikkje noko stjerne over hovudet, eg vil gjera det eg gjer, og ferdig med det!

Inger Johanne snufsar litt og rettar blikket mot døra.

— Å, guri. No må eg ha meg luft. Eg er hyperallergisk!

fu3d1272.jpg
ØRJAN DEISZ