— Vi slåst i ei internasjonal kunnskapsverd, og då må vi søkje saman for å bli sterke, sa Sortevik under ein debatt om utdanningspolitikk på Det Akademiske Kvarter i går.

Dei rundt 50 frammøtte kunne raskt konstatere at ingen av dei seks andre partia i panelet var samd i samanslåinga.

— Eg trur ikkje det er det som skal til for å få slagkraftige miljø, var svaret frå komitekollega Rune Skjælaaen (Sp).

Det vart elles mykje visjonar og mål i ordskiftet, der alle var samde om at forsking og utdanning er viktig.

Alle var òg samde om at det var for få og dyre studentboligar i Bergen, men medan opposisjonspartia lova meir pengar, peika Harald Victor Hove frå Høgre og Lars Henrik Michelsen frå Venstre på stader der det hadde vore fint å få studentboligar (Nygårdstangen og Store Lungegårdsvann).

Dette skilje i pengebruk mellom ungdomspolitikarane frå dei to regjeringspartia (KrF deltok ikkje) og opposisjonen var elles gjennomgåande. Pengeløfta sat laust hjå dei andre, ikkje minst i Frp:

— Pengane fossar inn i kassa til Foss, som Sortevik uttrykte det.

Det var òg semje var det om at noko måtte gjerast for å stogge hjerneflukta frå Bergen. Høgre og Venstre ville ha skattelette og studentgründerar, medan dei andre tala om utflytting av statlege arbeidsplassar og fleire forskarar.

Lysbakken kunne òg skilte med jamaldringar som flyttar til Oslo for å få seg jobb etter enda utdanning.

— Slik som du, spurde møteleiar Kristian Ervik.

— Det får vise seg om eit par veker, seier Lysbakken, som treng alle dei studentstemmer han kan få for å hindre at han står utan stortingsplass til hausten.

DEBATT: SVs Audun Lysbakken (t.h) fiska i går i kjerneveljarland, og møtte mellom andre Aps Eirik Aarek til debatt på Universitetet.<p/>FOTO: MARTE ROGNERUD